Storfjorden - båtturar, fiske og bading. Stordalsvika er rik på fisk; bl.a. sei, torsk, lyr, lange.
Fjordfiske/ turer på fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av artar og for
å være rimelig fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på 50 - 60 m
djupn. I farvatnet rundt og lenger inn i fjorden, varierer
djupna frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen, Stamneset og Holmeneset/Latøya,
fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og Stamneselva,
brådjupt
Med båt på fjorden kan ein besøke
fjellgårdane på bortsida av fjorden, eller ta
turen innover til Tafjord, Hellesylt og Geiranger, eller
utover mot Ålesund. Hurtigruta passerar Stordal
på veg til Geiranger i sommarhalvåret. Det er
badeplass ved hamna.
Cruise til Geiranger - mellom 1. juni og 7. august stoppar hurtigbåten ved kaia på veg mellom Ålesund og Geiranger. Stopp kl. 10.30 på veg innover og kl. 16.00 på veg utover.
Ein tur på fjorden med båt kan du få hos KS Dyrkorn, eller leige båt hos Stordal Camping eller Stordalsferien.
Fjell - Stordal har ganske bratte og høge fjell som kan innby til ein utfordrande fjell-/topptur. For litt lettare turterreng, kan det anbefalast å gå i Langseterområdet eller på Dyrkornsetra. På andre sida av fjorden er det mogleg å gå opp til dei fråflytta fjellgardane på Skotet, Halsen, Vidhammer, Korsadalen, Holmesetra eller Djupdal.
Ytste Skotet - ein gammal fjellgard på ei hylle over fjorden. Skotet ligg på andre sida av Storfjorden, og nåast med båt eller ved å gå frå Sykkylven. Ytste Skotet er ein av tre gardar på Skotet, og vart overtatt av foreininga Storfjordens Venner i 1989. Dei har utført eit fantastisk restaureringsarbeid, og garden er no eit levande museum. Det er ope om sommaren, og både fotturistar og større grupper er velkomne. Ønsker du ei spesiell oppleving, kan du tinge overnatting i løa eller på stabburet.
Kyrkjehola Kulturbeite - kulturarrangement som foregår på Stordal Bygdetun sommarstid. Kunstutstillingar, intimkonsertar og forelesningar.
Stordalscup (bildet) - fotballcup for aldersbestemte klasser i juli kvart år. I tillegg er det tivoli, bruktmarked, salgsboder, utedans og kiosk. 25 års jubileum i 2005.
Langseterdag - arrangement på Langsetrane i august, med mange kulturinnslag, aktivitetar, turmarsj og ridestemne på Trollkyrkjegarden.
Stordalshallen - allaktivitetshall bygd på dugnad. Har idrettsarena, grendasal, klatrevegg, skytebane, garderobeanlegg og kjøkken. Kan nyttast til både idrettsarrangement, dans, konsertar og private samankomster.
Vinter i Stordal
Stordal Alpinsenter - populær
alpinbakke i eit av Sunnmøre sitt mest
snøsikre område. Preparerte løyper,
frikøyring og barnetrekk. Varmestove med servering.
Alpinsenteret skal oppgraderast med nytt trekk og nye
trasear til sesongen 2005/2006.
Stavsengfjellet Skiarena - lysløype for tur/langrenn som er åpen heile skisesongen. Lengde rundt løypa er omlag 2.5 km.
Fjellbakken - hoppanlegg med 5 hoppbakkar i forskjellige storleikar. Også plassert på Stavsengfjellet.
Skiturar - på Overøye startar
dagsturen innover i fjellet. Mange stanser nok på
Langsetrane, dei 2 store seterstølane i
Langseterområdet. Her ligger det også fleire
hyttefelt.
Stordal Fjellservice køyrer opp turløyper
over store områder. Frå Overøye og inn
til grense mot Valldal, inn til Bøstølen i
Innfjorden, rundt fjellet Kamben og tilbake til
Langsetrane. Dei preparerer også løypa over
mot Kleiva, i nærheiten til Tresfjord. Rundt fjellet
Storlihornet og tilbake til Langsetrane.
På Dyrkorn er det fint skiterreng mellom Dyrkornsetra og Gjerdsstølen, og over mot Grytalia og Vaksvika.
Også vinterstid er det mange som går på "Toppane". Mange av fjelltoppane er over 1000 m, og er eit ynda turmål på ettervinteren. Ein kan også ta skitrekket opp, og gå etter fjella ned til sentrum i Stordal. Eller slutte av turen ved ein av fleire skogvegane som går ned til sentrum
Sjå også under Friluftsliv
Stordalsferien |
Stordal Turlag |
Kyrkjehola Kulturbeite |
Stordal Sogelag |
Stordal Småbåthamn |
KS Dyrkorn |
Stordalscup |
Stordalshallen |
Stordal Alpinsenter |
Arena Overøye |
Stiftinga Ytste Skotet |
Fjellbakken A/L |
Rosekyrkja |
Friluftsliv |
Fiske |
Jakt |
Brosjyre - Stordalshallen 2005 |