Ut på tur
Stordal er eit eldorado for friluftsliv. Her er alt
frå høge fjell til djupe fjordar, bratte
råser(stiar) til fjellgårdar, slakkare
turterreng til bortgjømde fjellvatn. Noko er godt
tilrettelagt, merka ruter, kart og høve til å
leige rutinerte guider. Andre stadar er det merka ruter og
ingen problemer med å bruke naturen som
rekreasjonsområde sjølv om du ikkje er
lokalkjent.
Allidrettsgruppa i Stordal Idrettslag har satt opp kasser
på ulike turmål. Sjå også Stordal
Turlag sitt program for sesongen.
Det finst familievenleg terreng, spesielt i
Langsæterområdet og på Dyrkornsetra.
Enkel tilkomst, mykje flatt område.
Langseterområdet er der store områder der barn
lett kan ferdast både på fisketur eller
på hyggetur i terrenget. Sau og lam går fritt
ute over hele kommunen, og i Langseterområdet er der
også storfe på beite i utmarka.
Her er også mange alternative ruter for dei
"viderekomne" som vil ha større, eller kanskje meir
ekstreme utfordringar ute i naturen. I Stordal kommune er
der mange fjelltoppar over 1000 m. Mange av desse er
populære turmål for dei av oss som vil ha
større utfordringar å strekke seg etter, enn
det vi andre legger i begrepet natur og friluftsliv.
Fjorden er fin til bading, fisking og båtturar.
Stordalsvika er veldig djup, og ved Stordal Sentrum er det
djupvasskai der store skip som f.eks hurtigruta kan legge
til.