Friluftslivets år 2005

Informasjon frå Kulturkontoret

I samband med at 2005 er utpeika som Friluftslivets år, vil det finne stad ein heil del aktivitetar både i Stordal kommune og elles, knytt til dette.

Alt i januar var det ei høgtidleg markering på Skaret i Molde, der ordførarane i M&R vart inviterte til å ta del i opningsarrangementet. Som ein del av opninga vart det arrangert ein hoppkonkurranse ordførarane i mellom, der Charles Tøsse sikra kommunen vår kr 10.000,- i og med at han vart best.

 

OPNINGSARRANGEMENT I STORDAL KOMMUNE DEN 1. MAI!

 

Her i kommunen vil vi markere opninga av Friluftslivets År den 1. mai og då som ein del av den årvisse "Sykkleltrimmen." Allidrettsgruppa og kommunen går saman om arrangementet der ein legg opp til at avviklinga av sykkletrimmen vert som før, men då at ein legg inn ei ekstra markering ved Mo bedehus kl 14.00. (sjå oppslag)

 

 

FLEIRE ARRANGEMENT, AKTIVITETAR OG TILTAK I SAMBAND MED FRILUFTSLIVETS ÅR

 

Konkurranse mellom kommunane i Møre og Romsdal

 

Fylket står bak ein konkurranse der målet er å få folk ut på tur. Anten ein no vel å gå, sykle, bruke rullestol eller sykle, er tanken at ein kan registrere denne aktiviteten ved å føre seg opp i 10 turbøker ein vil finne i 10 (nye) raude og flotte turkasser, rundt omkring i kommunen vår. Turkassene vert plassert ut slik at dei stiller ulike krav til oss, anten vi er born i barnehagealder, rullestolbrukarar, eller meir for "fjellgeiter" å rekne. Fylket har utlova kr 100.000,- til den kommunen som kan dokumentere det beste resultatet, i høve til innbyggjartalet, og difor er det naturlegvis viktig at vi alle er flinke til å registrere turaktivteten vår. Også folk heimehøyrande utanfor kommunegrensene kan nytte kassene våre, så her er det viktig at vi alle er med og motiverer til deltaking og registrering. (For dei aller yngste av oss og kanskje for ein del pensjonistar, evt. andre, vil ein tur gjerne ikkje vere på meir enn 1 km og difor kan dei registrere seg sjølv på korte turar. For dei vaksne, bør varigheita på turen vere på minimum 30 minutt om ein vel å registrere seg, utan at det er råd å vere alt for kategorisk her)

Dei 10 turmålkassene skal vere utplasserte til 1. mai og alle noteringar frå då og fram til og med 30 september er med i konkurransen.

 

Turmålkassene vil verte utplasserte på følgjande stadar:

1) MO BEDEHUS

2) KVAMMEN BRU

3) STORVASSHYTTA

4) TROLLKYRKJEGARDEN (på brua i Elvabytet)

5) MOSÆTRA (på løvegg)

6) LANGSÆTRANE (v/PUSKEBRUA)

7) ANDERSHAUGEN BARNEHAGE (v/inngonsporten)

8) MIDTBUSTSÆTRA (på selet)

9) LANGS TURVEGEN MELLOM DYRKORN OG KOKARSTEINEN

10) GRIGGÅS NATURSTI (på skilt langs stien)

 

Om du er ute på tur og har høve til å leggje turen innom ein eller fleire av disse kassene, på same turen, vert altså aktivteten din registrert og sjansen for at vi kan kalle oss "Årets turkommune" aukar. Under opningsarrangementet 1. mai, er det difor grunn til å håpe på at alle som deltek på sykkeltrimmen registrer seg i boka, som skal hengjast opp på Mo bedehus.

 

 

Tilsvarande konkurranse også innan Stordal kommune

 

For å gjere dette endå meir interessant vil ein her i kommunen også sette opp eigne premiar. Med utgangspunkt i turbøkene som vil verte samla inn rett etter den 30. september vil vi her premiere slik:

· Premiering av dei som har vore ivrigast til å kome seg ut på tur

· Premiering av dei elevane ved Stordal skule, som har vore ivrigast til å kome seg ut på tur.

· Premiering av alle som har registrert seg i alle dei 10 turkassene

· Uttrekking av premiar mellom dei som har minst ei registrering i løpet av perioden

 

Konkurranse i regi av Ålesund og omland friluftsråd

 

Som kjent er Stordal kommune ein av 9 medlemskommunar i Friluftsrådet og som eit av deira aktivitetsopplegg i Friluftsåret, arrangerer dei noko dei har kalla "kulturminneorientering." Kvar medlemskommune skal velje ut eitt kulturminne og det vil bli delt ut ein eksklusiv diplom til dei som oppsøkjer alle dei 9 kulturminna i løpet av perioden 1. mai - 30. september. Stordal kommune har velt ut Trollkyrkjegarden (turkassa vert plassert på brua i Elvabytet) som sitt "kulturminnemål" og i god tid før 1. mai vil det vere klart kva dei andre kommunane plukkar ut. Ved å leggje turen innom Trollkyrkjegarden er du difor automatisk også med i denne konkurransen! (Friluftsrådet vil i løpet av dette året også utarbeide eigne "kulturminneorienteringskart" både lokalt og regionalt. Disse skal etter planen vere klar til bruk neste år)

 

Turmarsjar:

 

I løpet av året vil fleire turmarsjar verte avvikla. I samband med markeringa av Unionsoppløysinga vert det lagt opp til eigen turmarsj i regi av Allidrettsgruppa (WWF -marsj) med start frå Stordal Bygdetun (Også denne dagen kan ein registrere seg , i og med at turmarsjen mellom anna passerer turkassa på brua i Kvammen.)

 

Kommunen legg elles opp til ei flott markering ved bygdetunet denne dagen, som altså skjer på dagen 100 år etter Unionsoppløysinga den 7. juni 1905.

 

Allidrettsgruppa arrangerer vidare eigen turmarsj til Mosætra, søndag den 14. august. (også denne er ein såkalla WWF-marsj)

 

I samband med Langsæterdagane, vert det vidare lagt opp til fleire turar i Langsæterområdet.

 

"Den Gyldne Spaserstokk" legg vidare opp til turar kvar veke, samt at alle som deltek her kan velje seg eigne turmål.

 

Ved arrangementet "Barnebarnas dag" den 1.oktober ser ein også føre seg eigen turmarsj.

 

Stordal bondelag har elles planar om å få i stand ei flott markering i samband med at turvegen mellom Osen og Harpeberget skal opnast i løpet av sommaren. Også her vert det lagt opp til turmarsj.

 

Dyrkornbygdarane har dei siste åra vore flinke til å arrangere friluftsopplegg og sjølv om det i skrivande stund ikkje er noko fastlagt, vert ein ikkje overraska om dei får til noko også denne gongen.

 

Langsæterdagane:

Med utgangspunkt i den særs vellukka Langsæterdagen i fjor haust, legg ein no opp til ei utviding av arrangementet. Det heile vert avvikla frå og med fredag 26. august, til og med søndag 28. august. Friluftsliv vil også då stå sentralt, i tillegg til eit omfattande opplegg med mellom anna fokus på kulturminner i området, "Bondens Marked", tradisjonsmat og eit rikhaldig kulturelt program. Også i år tek ein sikte på eiga friluftsgudsteneste, som ein del av arrangementet. Det er Stordal Sogelag og "Prosjekt Øvre Stordal", i samarbeid med andre lag/organisasjonar og kommunen, som står som arrangør her.

 

"Barnebarnas dag"

Også Eldrerådet i Stordal ønskjer å markere at ein no er inne i Frliuftslivets År. Den 1. oktober vil dei, i samarbeid med friluftsrådet, stå bak eit arrangement kalla "Barnebarnas Dag." Slik det går fram av namnet, er det borna som vil stå i fokus denne dagen og det blir lagt opp til mange spanande aktivitetar ute i det fri.

 

"Den gyldne spaserstokk"

Dette populære opplegget, som Stordal Helselag i samarbeid med Sparebanken Møre står bak vil også i år verte gjennomført. Det sosiale er også her sentralt, i tillegg til det reint mosjonsmessige, når helselaget legg opp til faste dagar i veka (i perioden mai-oktober) der ein går tur saman. Som ein del av dette opplegget fører ein inn turane sine i eige skjema og det brukar å vere flotte avslutningsarrangement kvart år.

 

Natur- og miljødag ved Stordal skule

I samarbeid med friluftsrådet legg ungdomsskulesteget opp til eigen"Natur- og miljødag" i løpet av våren. Dette kjem då i tillegg til øvrige utedagar, skidagar og anna i løpet av året.

 

Opprusting av turvegen frå Osen til Harpeberget, i regi av Stordal bondelag.

Stordal bondelag er godt i gong med denne opprustinga og i løpet av første del av juni månad ser ein føre seg å kunne presentere ein turveg av høgare standard. Bondelaget tek sikte på å få til ei eiga opningsmarkering då. Denne opprustinga vil verte ein særs positiv tilvekst for kommunen, ikkje minst vil tilrettelegginga ha mykje å seie for dei som tidlegare har hatt vanskar med å ta seg fram langs elva. Det skal også lagast til kvileplassar og setjast ut benkar langs turvegen. Dermed vil dette også kunne verte sosiale treffstader. Grunneigarane ønskjer i tillegg å synleggjere den naturperla Stordalsvassdraget er. Prosjektet har fått støtte i form av spelemidlar , samt miljøtiltaksmidlar frå NVE.

 

Rydding av råser og stiar

Grunneigarar er elles godt i gong med ei omfattande rydding av turstiane mellom bygdene og dei gamle vår- og sommarstølane, i eit område som strekkjer seg heilt frå Dyrkorn og til Almås. I tillegg er arbeidet med rydding av stiar godt i gong også på sydsida av Stordalsvassdraget. (også dette arbeidet har fått positive tilbakemelldingar frå kulturavdelinga på Molde)

 

Opprusting av Storvasshytta

Dei fleste er også kjend med at hyttelaget for Storvasshytta har sett i gong eit omfattande utbetringsarbeid, noko som vil verte til stor glede for alle som ferdast i dette fantastiske friluftsområdet vårt.

 

Det er alltid ein fare for at arrangement og tiltak kan verte uteletne, ved ei slik opplisting. Likevel ser ein det som viktig å presentere denne informasjonen og ber samstundes om tilgjeving om nokon føler seg "forbigått." Konklusjonen må uansett vere at det ikkje er så reint lite som er på gong hjå oss, også innan dette som har med friluftsliv å gjere.

 

Avslutningsvis vil ein håpe at alle vil få oppleve den gleda det inneber å få vere med på friluftslivsaktivitetar, anten dette er i form av organiserte opplegg eller ei, og at vi alle er vårt ansvar bevisst, og steller oss slik at også komande generasjonar vil få høve til dei same opplevingane.

 

Lukke til!

 

Hallgeir Hove

kulturkonsulent



Anna

Article  Unionsoppløysning
Article  Årets turkommune
File  Presentasjon - Stordal vinnar av turkonkurransen!

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as