Kyrkjehola Kulturbeite

Kyrkjehola Kulturbeite

Adresse

v/Eva Hove
6250 Stordal

Telefon

95 27 35 42

Om Kyrkjehola Kulturbeite

Sjå også Kyrkjehola Kulturbeite si heimeside. Sjå her.

Ønsker du å forhåndsbestille plass til eit eller fleire arrangement under årets kulturprogram kan du bruke denne e-postadressa: billett@kyrkjehola.no.

Kulturprogram i Stordal Bygdetun

lokalhistorie - kunstutstillingar - mat - forfattarmøte - konsertopplevingar frå argentinsk tango til italiensk opera - kammermusikk - improvisasjon - urframføringar

Sommarserien Kyrkjehola Kulturbeite har gjennom mange sesongar etablert seg som eit eineståande kulturprosjekt i regionen. Den særeigne samanstillinga av ulike kunstuttrykk med bygdetunet som ramme og arena har skapt ein programidentitet som er blitt lagt merke til langt utover bygdas grenser. Av gjestande artistar kan nemnast Per Arne Glorvigen, Svein Tindberg, Ola Bremnes, Henning Sommerro, Ragnar Hovland, Victoria Nava, Kjell Stig Amdam og mange fleire.

Følg med i programfoldaren og på heimesida vår. Velkommen til nye, nære og vakre møte med lokale og internasjonale artistar.

Føremål med Kyrkjehola Kulturbeite

* Kyrkjehola Kulturbeite er ein nyetablert kulturarena i Stordal Bygdetun. Programmet skal femne om ulike sjangrar innan kunstarter som musikk, litteratur, teater og biletkunst. Gjennom mangfald og kvalitet har vi ambisjonar om å vere eit attraktivt utstillingsvindauge for eit breitt spekter av kreativ aktivitet. Målgruppa er bygdefolket, tilreisande frå regionen og turistar som vitjar området.

* Kyrkjehola Kulturbeite ønskjer gjennom valet av artistar å særskilt profilere profesjonelle kulturformidlarar med base i vårt eige distrikt.

* Kyrkjehola Kulturbeite ønskjer å medverke til ei positiv markering og synleggjering av Stordal som ein kulturkommune.

Hjemmeside

http://www.kyrkjehola.no

Relaterte sider

Article  Kyrkjehola Kulturbeite program for 2006
Tema  Kultur
Tema  Lag og Organisasjonar
Tema  Opplevingar

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as