Stordal Helselag - på lag med innbyggarane!
Skrive av: Bjørnar Midtbust
Innlagt den 12.04.2006
Elisabeth Nyli er nyvald leiar for Stordal Helselag. Ho
vart vald på det konstituerande styremøte 26.
mars. I styret for Helselaget sit elles Åse Hallan
(sekretær), Johan Dyrkorn (kasserar), Alfhild
Midtbust, Kjersti Hjelle, Bjørg Jacobsen, Ragnhild
Flåen og Bjørnar Midtbust. Det nye styret har
allereie starta arbeidet mot årets tradisjonsrike
arrangement; helselagsbasaren første fredag etter
påske! Pengane som kjem inn på denne basaren,
blir brukt til mange ulike gode formål i Stordal.
På basaren i fjor var det godt oppmøte, og
både bygdefolket og næringslivet støtta
opp med mange og fine gevinstar. Helselaget rettar ei
stor takk til alle som gjekk bygdene rundt med
bøkene og til alle som trufast kom med kaker,
planter og åregjenstander. Utan denne støtta
hadde det ikkje vorte nokon basar og dermed lite pengar
til å støtte gode tiltak.
Bruttoinntekta på basaren i fjor vart nesten 63
000 kroner og halvparten av dette gjekk til nytt
nødstraumsaggregat ved Stordalstunet. Av andre
tiltak som har fått støtte av Helselaget i
året som har gått, kan vi nemne desse:
kr. 5.000,- til hjartestartar ved servicebygget på
Overøye
kr. 5.000,- til innkjøp av lydbøker til
Stordal bibliotek
kr. 5.000,- til innkjøp av sjørøvarskute
ved Andershaugen barnehage
kr. 5.000,- til Stordal Treningssenter
kr.15.000,- til spesialstol og bord for fotstell
på Stordalstunet
kr. 5.000,- til nytt lydanlegg til Barnekoret, Stordal
bedehus
kr. 6.345,- til refleksvestar til 4-åringane i
barnehagen
Helselaget har også stilt opp for bygdafolket ved
ulike høve, og prøver på ulike
måtar å spreie både glede og kunnskap om
trivsel og helse til innbyggarane i Stordal kommune.
Mellomstegselevane på Stordal skule fekk mellom
anna servert påskefrukost ein onsdag i april 2005
- dette skal gjenta seg i år! Nokre ivrige damer
serverte rømmegraut i Løsetstova ved
markeringa av unionsoppløysinga 7. juni og på
eldredagen 1. oktober deltok Helselaget med sal av mat
og kaffi. Den Gylne Spaserstokk er elles eit
årvisst arrangement som Helselaget stiller seg
bak, og som uten tvil har medvirka til betre
pensjonisthelse.
Den tradisjonelle julemessa vart arrangert søndag
den 4.desember på Grendasalen. Dette var også
i år svært vellukka og dei fleste av dei 10
utstillarane var fornøgde med salet. Styret i
helselaget hadde sal av sveler og kaffi og utlodding av
gevinstar gitt av utstillarane.
Stordal Helselag takkar alle i Stordal og på
Dyrkorn for all støtte i løpet av året
som har gått, og ynskjer samtidig hjarteleg
velkomne til helselagsbasar også i år. Det
manglar ikkje på gode helseformål som kan
fortene støtte av helselagskassa!
Aktører
|