Stordal Helselag - på lag med innbyggarane!

Skrive av: Bjørnar Midtbust
Innlagt den 12.04.2006

Elisabeth Nyli er nyvald leiar for Stordal Helselag. Ho vart vald på det konstituerande styremøte 26. mars. I styret for Helselaget sit elles Åse Hallan (sekretær), Johan Dyrkorn (kasserar), Alfhild Midtbust, Kjersti Hjelle, Bjørg Jacobsen, Ragnhild Flåen og Bjørnar Midtbust. Det nye styret har allereie starta arbeidet mot årets tradisjonsrike arrangement; helselagsbasaren første fredag etter påske! Pengane som kjem inn på denne basaren, blir brukt til mange ulike gode formål i Stordal.

På basaren i fjor var det godt oppmøte, og både bygdefolket og næringslivet støtta opp med mange og fine gevinstar. Helselaget rettar ei stor takk til alle som gjekk bygdene rundt med bøkene og til alle som trufast kom med kaker, planter og åregjenstander. Utan denne støtta hadde det ikkje vorte nokon basar og dermed lite pengar til å støtte gode tiltak.

Bruttoinntekta på basaren i fjor vart nesten 63 000 kroner og halvparten av dette gjekk til nytt nødstraumsaggregat ved Stordalstunet. Av andre tiltak som har fått støtte av Helselaget i året som har gått, kan vi nemne desse:
kr. 5.000,- til hjartestartar ved servicebygget på Overøye
kr. 5.000,- til innkjøp av lydbøker til Stordal bibliotek
kr. 5.000,- til innkjøp av sjørøvarskute ved Andershaugen barnehage
kr. 5.000,- til Stordal Treningssenter
kr.15.000,- til spesialstol og bord for fotstell på Stordalstunet
kr. 5.000,- til nytt lydanlegg til Barnekoret, Stordal bedehus
kr. 6.345,- til refleksvestar til 4-åringane i barnehagen

Helselaget har også stilt opp for bygdafolket ved ulike høve, og prøver på ulike måtar å spreie både glede og kunnskap om trivsel og helse til innbyggarane i Stordal kommune. Mellomstegselevane på Stordal skule fekk mellom anna servert påskefrukost ein onsdag i april 2005 - dette skal gjenta seg i år! Nokre ivrige damer serverte rømmegraut i Løsetstova ved markeringa av unionsoppløysinga 7. juni og på eldredagen 1. oktober deltok Helselaget med sal av mat og kaffi. Den Gylne Spaserstokk er elles eit årvisst arrangement som Helselaget stiller seg bak, og som uten tvil har medvirka til betre pensjonisthelse.

Den tradisjonelle julemessa vart arrangert søndag den 4.desember på Grendasalen. Dette var også i år svært vellukka og dei fleste av dei 10 utstillarane var fornøgde med salet. Styret i helselaget hadde sal av sveler og kaffi og utlodding av gevinstar gitt av utstillarane.

Stordal Helselag takkar alle i Stordal og på Dyrkorn for all støtte i løpet av året som har gått, og ynskjer samtidig hjarteleg velkomne til helselagsbasar også i år. Det manglar ikkje på gode helseformål som kan fortene støtte av helselagskassa!

Aktører

Infoside  Stordal Helselag

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as