Stordal
|
|
Langsætrane
|
|
DAGEN I DAG
|
31. januar 2025 06:12:41
|
Namnedag:
Idun - Ivar
|
|
Søk i Stordalsportalen
Logg inn
admin
|
Stordal Helselag
Adresse
c/o Elisabeth Nyli
6250 Stordal
Telefon
70 27 83 16 / 90 94 87 96
Om Stordal Helselag
Stordal helselag vart stifta 1. mars 1914.
Medlemskontingenten var 25 øre for året og
laget har heilt frå starten vore tilslutta
Nasjonalforeningen for folkehelsen. 80 kvinner og menn
teikna seg som medlemmer frå starten av.Det var
kampen mot tuberkulosen som var laget si hovudsak desse
første åra. Det første innkjøpet
som laget gjorde, var derfor ulltepper, laken, putevar
og vaskestell til heimar der tuberkulosen hadde kome
inn.
Dernest var det kampen for å få ei utdanna
helsesøster til kommunen som vart hovudsaka.Den
første sjukesøstra som vart tilsett av
Helselaget var Anna Lien frå Stranda i 1917. Sidan
har mange kvinner vore tilsett som helsesøstre i
Stordal Helselag. Den som i nyare tid har vore tilsett
lengst var Ruth Vinje, som arbeidde i Helselaget
frå 1964 til 1979. Ordninga med tilsett
helsesøster vart avvikla i 1980.
I dei seinare åra har Helselaget vore ein aktiv
støttespelar for alt helsefremjande arbeid i
Stordal - både blant eldre og yngre. Den
årlege Helselagsbasaren første fredag etter
påske er framleis ein institusjon i seg
sjølv, og midlane som kjem inn her, blir i stor
grad spreidd utover nyttige tiltak for trivsel og helse
i kommunen.
E-post
helselagetSPAMFILTER@stordalsportalen.no
|
|