Sal fiskekort, utleige lakseelv
Fjordfiske/ turer på fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av artar og
for å være rimelig fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på 50 - 60 m
djupn. I farvatnet rundt og lenger inn i fjorden,
varierer djupna frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen og Holmeneset/Latøya, fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og Stamneselva,
brådjupt
Det er flere stader som er populært å
gå i land, for eksempel Holmeneset og
Latøya. Også Ytste Skotet er mykje
besøkt. Dette er eit eldre gardsbruk noen hundre
meter oppe i lia ved Skotshalsen, som er teke vel
vare på og fungerer no meir som eit museum eller
lærestad for den eldre, tradisjonsrike
gardsdrifta og viser korleis livet kunne være
inne i fjordane for 50 - 100 år sidan.
Laksefiske.
Storelva er ei av dei beste lakseelvane på
nordvestlandet. Dei siste åra har det gradvis
skjedd ei organisering av utleige/salg av fiskekort.
Dette har medført at det har blitt enklare for
folk flest å kunne kjøpe eit 8-10 timars
kort eller eit døgnkort. Det har også
blitt mogleg å leige ein full pakke med
laksefiske, overnatting og servering/guiding.
Tilrettelegginga i elva har blitt mykje meir
omfattande og ikkje minst har det vore arbeida med
miljøet og trivselfaktoren langs
elva.
Fjellfiske.
Aurevatn er det mange av i Stordal kommune. På
Dyrkorn kan du kjøyre heilt til vannkanten, ved
Dyrkornsetra. Andre stader i kommunen får du
fine fjellturar før du kjem opp til fjellvatna.
Mange stader er fisketuren langs elva opp til vatnet
ein like god opplevelse som sjølve fisket
på vatnet. Langseterområdet peiker seg ut
som det kanskje mest attraktive området, med
sine mange fjellvatn og sine varierte moglegheiter
for fjellturar med fiske. Men også Seljebotnen,
Jasvollbotnen, Fjelladalen og fjellområda
på vestsida av fjorden har gode moglegheiter til
turar og spesielt med anledning til aurefiske.