Sal fiskekort, utleige lakseelv
Fjordfiske/ turer på fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av artar og for
å være rimelig fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på 50 - 60 m
djupn. I farvatnet rundt og lenger inn i fjorden, varierer
djupna frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen og Holmeneset/Latøya, fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og Stamneselva,
brådjupt
Det er flere stader som er populært å gå
i land, for eksempel Holmeneset og Latøya.
Også Ytste Skotet er mykje besøkt. Dette er
eit eldre gardsbruk noen hundre meter oppe i lia ved
Skotshalsen, som er teke vel vare på og fungerer no
meir som eit museum eller lærestad for den eldre,
tradisjonsrike gardsdrifta og viser korleis livet kunne
være inne i fjordane for 50 - 100 år sidan.
Laksefiske.
Storelva er ei av dei beste lakseelvane på
nordvestlandet. Dei siste åra har det gradvis skjedd
ei organisering av utleige/salg av fiskekort. Dette har
medført at det har blitt enklare for folk flest
å kunne kjøpe eit 8-10 timars kort eller eit
døgnkort. Det har også blitt mogleg
å leige ein full pakke med laksefiske, overnatting og
servering/guiding. Tilrettelegginga i elva har blitt mykje
meir omfattande og ikkje minst har det vore arbeida med
miljøet og trivselfaktoren langs
elva.
Fjellfiske.
Aurevatn er det mange av i Stordal kommune. På
Dyrkorn kan du kjøyre heilt til vannkanten, ved
Dyrkornsetra. Andre stader i kommunen får du fine
fjellturar før du kjem opp til fjellvatna. Mange
stader er fisketuren langs elva opp til vatnet ein like god
opplevelse som sjølve fisket på vatnet.
Langseterområdet peiker seg ut som det kanskje mest
attraktive området, med sine mange fjellvatn og sine
varierte moglegheiter for fjellturar med fiske. Men
også Seljebotnen, Jasvollbotnen, Fjelladalen og
fjellområda på vestsida av fjorden har gode
moglegheiter til turar og spesielt med anledning til
aurefiske.