Stordal Bedehus

Samlingsfesten 2014

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 23.09.2014

Det var samlingsfest på Stordal bedehus med mykje folk den 21. september

Mange fann vegen då det vart skipa til samlingsfest på bedehuset denne søndagen klokka 16.00. Ei gruppe unge familiar, ei familieforeining eller bibelgruppe, frå Misjonssambandet si forsamling i Myrabakken hadde funne vegen hit. Dei hadde hatt Week end på hytta til Sveinung Lianes, og kom hit ned og stod for alt program. Det må kunne seiast at dfet var eit svært barnevenleg program, der det var spesielt mykje song og musikk. Gry Sæther, som tidlegare har vore ungdomsarbeidar i Sunnmøre og Romsdal krins av NLM, hadde andakt, der ho på ein fin måte fortalde om kvinna som hadde mist ein sølvmynt, og leita til ho fann han att. Det var ikkje snakk om å opp leitinga, og då ho fann han, skipa ho til fest for vener og kjende. Elles var det dramainnslag om ein butikk som heitte Nådebutikken, der ein utan vilkår og utan betaling kunne få det ein hadde bruk for, same kva det var.
Under matykta var det misjonstivoli, der ein for ein femtilapp kunne vere med på 5 ulike aktivitetar. Dei som ikkje ville vere med på dette, fekk høve til å legge pengar i ei kollektkorg. Til saman kom det inn godt over kr. 2.500,-, der det aller meste gjekk til Christian i Tanzania, som Stordal barnekor betaler skulepengar og anna for. Det er nemleg ikkje alle som kan gå til ein skule der alt er gratis.
Vi vil seie mange takk til Gry alle dei andre, til saman om lag 25 personar med smått og stort, som gjorde vel og var her hos ossd!

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?