Det var samlingsfest på Stordal bedehus med mykje folk den 21. september
Mange fann vegen då det vart skipa til samlingsfest
på bedehuset denne søndagen klokka 16.00. Ei
gruppe unge familiar, ei familieforeining eller bibelgruppe,
frå Misjonssambandet si forsamling i Myrabakken hadde
funne vegen hit. Dei hadde hatt Week end på hytta til
Sveinung Lianes, og kom hit ned og stod for alt program. Det
må kunne seiast at dfet var eit svært barnevenleg
program, der det var spesielt mykje song og musikk. Gry
Sæther, som tidlegare har vore ungdomsarbeidar i
Sunnmøre og Romsdal krins av NLM, hadde andakt, der ho
på ein fin måte fortalde om kvinna som hadde mist
ein sølvmynt, og leita til ho fann han att. Det var
ikkje snakk om å opp leitinga, og då ho fann han,
skipa ho til fest for vener og kjende. Elles var det
dramainnslag om ein butikk som heitte Nådebutikken, der
ein utan vilkår og utan betaling kunne få det ein
hadde bruk for, same kva det var.
Under matykta var det misjonstivoli, der ein for ein
femtilapp kunne vere med på 5 ulike aktivitetar. Dei
som ikkje ville vere med på dette, fekk høve til
å legge pengar i ei kollektkorg. Til saman kom det inn
godt over kr. 2.500,-, der det aller meste gjekk til
Christian i Tanzania, som Stordal barnekor betaler
skulepengar og anna for. Det er nemleg ikkje alle som kan
gå til ein skule der alt er gratis.
Vi vil seie mange takk til Gry alle dei andre, til saman om
lag 25 personar med smått og stort, som gjorde vel og
var her hos ossd!
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--