Stordal Bedehus

Samlingsfest på Stordal Bedehus

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 13.09.2011

Søndag den 18. september blir det samlingsfest.

Det er haust, og det tek har teke til att med verksemd på Bedehuset. Barnekoret og Tonika har alt hatt fleire øvingar, og det same ha Stordalskvartetten. Det har også vore både bønemøte og misjonsforeining, og no skal vi la det store startskotet gå med Samlingsfest, der alle krefter på bedehuset får vise seg fram. Det vil så langt underteikna bli ein ettermiddag med mykje song. Ein kort andakt blir det også, det vi skal få møte Han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. Han høyrer med i alle samlingane våre.
Det nye i år er at vi leiger ut deler avhuset til skule. No får vi ein generalprøve på korleis det kan vere å ha ei større tilstelling på bedehuset under slike vilkår. Men eg reknar med at det vil gå bra, då eg opplevde slike tider då eg voks opp heime i Dravlausbygda. Då var det skulekjellaren som var møtestad, og der måtte pultar ryddast ut og benkar berast heilt frå loftet og ned i kjellaren når det var tilstellingar. Det var travelt, men det gjekk for arbeid.
Vi ønskje vel møtt til samlingsfest med so9ng av Stordal Barnekor, Stordalskvartetten (muligens), og Tonika. Det blir også noko å bite i for bådfe små og store.

Bilde: Tre damer på ein tidlegare samlingsfest

Skriv ut innhald Skriv ut
STØTTESPELARAR

Annonseplass?