Søndag den 18. september blir det samlingsfest.
Det er haust, og det tek har teke til att med verksemd
på Bedehuset. Barnekoret og Tonika har alt hatt fleire
øvingar, og det same ha Stordalskvartetten. Det har
også vore både bønemøte og
misjonsforeining, og no skal vi la det store startskotet
gå med Samlingsfest, der alle krefter på
bedehuset får vise seg fram. Det vil så langt
underteikna bli ein ettermiddag med mykje song. Ein kort
andakt blir det også, det vi skal få møte
Han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. Han
høyrer med i alle samlingane våre.
Det nye i år er at vi leiger ut deler avhuset til
skule. No får vi ein generalprøve på
korleis det kan vere å ha ei større tilstelling
på bedehuset under slike vilkår. Men eg reknar
med at det vil gå bra, då eg opplevde slike tider
då eg voks opp heime i Dravlausbygda. Då var det
skulekjellaren som var møtestad, og der måtte
pultar ryddast ut og benkar berast heilt frå loftet og
ned i kjellaren når det var tilstellingar. Det var
travelt, men det gjekk for arbeid.
Vi ønskje vel møtt til samlingsfest med so9ng
av Stordal Barnekor, Stordalskvartetten (muligens), og
Tonika. Det blir også noko å bite i for
bådfe små og store.
Bilde: Tre damer på ein tidlegare samlingsfest
-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si
heimeside under www.stordalsportalen.no
--