Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / Om Stordalsportalen / Informasjon om sjølve arbeidet med Stordalsportalen / Nærmare grunngjeving for kvifor vi har etablert Stordalsportalen
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
12. desember 2019 15:14:10
Namnedag:
Pia - Peggy
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Nærmare grunngjeving for kvifor vi har etablert Stordalsportalen


Innlagt den 31.12.2005

Dette er ført i pennen av Landbruket i Stordal sine representanter i desember 2005.

Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal søker no om BU-midlar til synleggjering av verdiar i Stordal kommune. Dette er eit stort prosjekt der vi har eit utstrakt samarbeid med Stordal Sogelag og Stordal Landbruksråd. Prosjektet involverer også dei mange laga og organisasjonane i Stordal, som driv med ideelt arbeid for barn og unge.

Vårt mål med prosjektet er at alle kan nå ut med sin informasjon til si målgruppe og ved å samle dette i Stordalsportalen ynskjer vi å skape størst mulig synenergieffekt for alle.
Kvar for seg er den einskilde aktør for liten og har for små ressursar til å kunne gjere dette effektivt. I eit samarbeid mobiliserer vi dugnadsånda og drar lasset saman. Det er også vår klare målsetting at informasjonsflyt og hyppig oppdatering skal gjerast av den enkelte aktør, mest mulig desentralisert.

Gjennom Stordalsportalen er dette mulig å få til.
Vi og våre samarbeidspartnarar har gjennom bl.a. områdetiltak utført grundig forarbeid gjennom forskjellige former for kartlegging og konstatert at viljen er der, og teknologien kan byggast. Stordal kommune har støtta oss med næringsfond -midlar og det har vore utført betydelige mengder med dugnadsarbeid.
No er vi komen til den siste delen av prosjektet kompetansebygging hos den enkelte aktør. Tilpassing og teknisk utvikling av portalen slik at kvar enkelt aktør kan få eit grensesnitt/mal tilpassa sitt behov for egen oppdatering.
Få til ein samretta tilgang og bruk av den store databasen som er bygd opp, slik at alle kan gjere seg nytte av denne informasjonen til sitt formål.

Stordal Landbruksråd
er eit overbyggingsorgan for dei store grunneigarbaserte lag og organisasjonar

  • Stordal bondelag, Stordal Elveeigarlag, Stordal Skogeigarlag
  • Stordal beitelag/sau og geitealslaget

Rådet arbeider bl. a. med utvikling av nye næringar/nisjer innan landbruk, spesielt utmarksnæring.

Stordal Årets Friluftskommune
Det er inga tilfeldigheit at Stordal kommune nylig vart kåra til årets frilufts-kommune i Møre og Romsdal. Ein målretta strategi frå bondelaget for å legge forholda til rette, skape infrastruktur for bruken av naturen ved å rydde og merke råser, oppgradere turvegen langs Stordal vassdraget har bidratt til dette. Men dette er ikkje gjort berre av idealisme. Vi har åpna opp for mulegheitene til større engasjement for utmarksnæringa ved å legge forholda til rette, synleggjort dei verdiane som ligg der.
Laksefiske, hjortejakt, småviltjakt, gamle sæterstølar med dei kulturhistoriske verdiane som skaper den ekstra opplevelsen med fjellturar og friluftsliv, kartmateriale som viser dei forskjellige turane. Skape informasjon om ledige hyttetomter, utleige av hytter, tradisjonsmat, handtverk/nisjetilbud og produksjon / salg av ved.

Stordal Sogelag
med sin store entusiasme, registrering av kulturminner, gards og klyngetun, støls-registra og dei forskjellige temahefta om sæterstølane og Langsætrane, Arbeidet med Trollkyrkjegarden og Fokhaugane. Den store hesteferda, oppbygging av database og digitale kart.

Andre Lag og Organisasjoner
Stordal elveeigarlag som mobiliserer grunneigarlaga til auka satsing med til rettelegging av laksefiske og/med overnatting. Kart over dei forskjellige soner og tilgjengeligheit. Skogeigarlaget som fokuserer på fag og auka bruk av utmarka som ein ressurs.

Dei ideelle laga ved: Stordal idrettslag med sine mange undergrupper, song og musikk laga, ungdomsklubben. Småskala aktørane med utspring fra landbruket. Kvar for seg har ikkje småskala aktørane økonomi til å nå ut med informasjon og markedsføre seg mot si målgruppe på ein effektiv måte. Ved Stordalsportalen kan alle aktørar i Stordal nå ut til si målgruppe til ein fornuftig pris.

Stordalportalen blir bygt opp som eit bygdeaksjeselskap med størst muleg deltaking av enkeltpersoner, lag og verksemder. Kombinasjonen av ideelle tiltak som: Lokalhistorie, kultur, dugnad, idealisme, lokalengasjement og friluftsliv saman med konkrete næringstiltak spesielt frå småskala aktørar som leverer forskjellige typer opplevelsar og spesielt opplevelsar basert på natur og friluftsliv er heilt sentralt. Små foretak med lite ressursar til markedsføring og ikkje godt nok organiserte kombinasjonstilbod kan nå fram gjennom Stordalsportalen. Referer her til rapporten frå Steget Friluftskompetanse, med naturen som arbeidsplass, og dei problem-stillingane den tar opp.

Løysinga
slik vi ser det, er: Lokale og regionale fellesprosjekt, synleggjering av naturen som opplevelsenæring ved å bruke synenergieffektene aktivt, større samarbeid på tvers av tilbod, felles markedsføring/større samarbeid på markedsføring, markedsføring og utadretta informasjon via internett, Portalløysing. Stordalsportalen.

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema