Det var stemne nummer 30 i rekka, men det
første på Skjortneset. Køa i
Stordalen var uendeleg lang, og det tok over to
timar før alle var over.
Vel ein time forseinka, kunne leiar i
Storfjordens Venner Anne Lise Lunde ønske
velkomen til gards. Ho kunne då opplyse om
at 800 hadde kome med båttransport, 100
hadde gått til fots over fjellet og i
tillegg hadde ein del privat båtskyss. Det
var tett med folk på bøen denne dagen.
Kapellan Ottar Nevstad, med aner frå
Skjortneset, held andakt, Tonika song og
Hornmusikken spelte. Hovudtalar var i år May
Helen Grimstad, leiar i familie- og
kulturkomiteen på Stortinget. Ho nemde i
talen sin åtte utfordingar som kulturen
står overfor. Ho var takksam for det
arbeidet Storfjordens Venner utførte, for
kva hadde vel kulturen vore utan dei friviljuge
organisasjonane?
Den siste som flytta frå Skjortneset i 1969,
var Erling Skjortnes. Han fortalde på sin
eigen særprega måte om korleis det var
å bo og vekse opp på ein fjellgard. Han
likte forresten ikkje nemninga "fjellgard"; ta
for eksempel Matvika som ligg helit nede ved
sjøen. Erling kunne fortelle om trivelege
ting, som når han bygde ein stor færing
oppe i løa, og måtte ha hjelp til
å få han dei 120 høgdemeterane ned
til sjøen. "Då brygga eg berre
øl", fortalde han, "og so kom alle naboane".
Men livet var også farleg på ein
fjellgard. Bestefaren til Erling datt utanfor ein
hammar og slo seg ihel.
Stordalsordføraren, Charles Tøsse,
kunne overrekke ein sjekk på 5000 kr til
Storfjordens Venner. Han kunne fortelle at i eit
møte i Norsk Kulturarv, var det mange som
lytta interessert når han fortalde kvar han
kom i frå. Arbeidet til Storfjordens Venner
var kjent og høgt respektert.
Anne Lise Lunde takka Skjortnesfolket for at
Storfjordens Venner fekk høve til å ha
stemnet sitt på garden deira. Ho minte om at
sjølv om Stordal ikkje ligg i
verdsarvområdet, er det likevel
innfallsporten, og noko av det første
turistane ser når dei kjem med turistskipa.
Derfor er det prisverdig at eigarane av desse
fjellgardane held bøane nyslått, og
husa i hevd.
Og akkurat slik var det på Skjortneset denne
søndagen. Bøar som anga av nyslått
høy, skvulpande fjord, rjomegraut og utedo
med plass til to. Og ei oppleving vi hugsar
lenge.
Ta ein titt på heimesida til Storfjordens Venner
|
Fullt på bøane på
Skjortneset
Anne Lise Lunde spør Erling Skjortnes om
livet på garden
Utsikta over fjorden er fantastisk
|