Vellykka Storfjordens Venner stemne på Skjortneset

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 15.06.2006

I eit strålande fint solskinsvêr, vart det 30. Storfjordens Venner Stemnet helde på Skjortneset søndag.

Det var stemne nummer 30 i rekka, men det første på Skjortneset. Køa i Stordalen var uendeleg lang, og det tok over to timar før alle var over.

Vel ein time forseinka, kunne leiar i Storfjordens Venner Anne Lise Lunde ønske velkomen til gards. Ho kunne då opplyse om at 800 hadde kome med båttransport, 100 hadde gått til fots over fjellet og i tillegg hadde ein del privat båtskyss. Det var tett med folk på bøen denne dagen.

Kapellan Ottar Nevstad, med aner frå Skjortneset, held andakt, Tonika song og Hornmusikken spelte. Hovudtalar var i år May Helen Grimstad, leiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Ho nemde i talen sin åtte utfordingar som kulturen står overfor. Ho var takksam for det arbeidet Storfjordens Venner utførte, for kva hadde vel kulturen vore utan dei friviljuge organisasjonane?

Den siste som flytta frå Skjortneset i 1969, var Erling Skjortnes. Han fortalde på sin eigen særprega måte om korleis det var å bo og vekse opp på ein fjellgard. Han likte forresten ikkje nemninga "fjellgard"; ta for eksempel Matvika som ligg helit nede ved sjøen. Erling kunne fortelle om trivelege ting, som når han bygde ein stor færing oppe i løa, og måtte ha hjelp til å få han dei 120 høgdemeterane ned til sjøen. "Då brygga eg berre øl", fortalde han, "og so kom alle naboane". Men livet var også farleg på ein fjellgard. Bestefaren til Erling datt utanfor ein hammar og slo seg ihel.

Stordalsordføraren, Charles Tøsse, kunne overrekke ein sjekk på 5000 kr til Storfjordens Venner. Han kunne fortelle at i eit møte i Norsk Kulturarv, var det mange som lytta interessert når han fortalde kvar han kom i frå. Arbeidet til Storfjordens Venner var kjent og høgt respektert.

Anne Lise Lunde takka Skjortnesfolket for at Storfjordens Venner fekk høve til å ha stemnet sitt på garden deira. Ho minte om at sjølv om Stordal ikkje ligg i verdsarvområdet, er det likevel innfallsporten, og noko av det første turistane ser når dei kjem med turistskipa. Derfor er det prisverdig at eigarane av desse fjellgardane held bøane nyslått, og husa i hevd.

Og akkurat slik var det på Skjortneset denne søndagen. Bøar som anga av nyslått høy, skvulpande fjord, rjomegraut og utedo med plass til to. Og ei oppleving vi hugsar lenge.

Ta ein titt på heimesida til Storfjordens Venner

Fullt på bøane på Skjortneset

Anne Lise Lunde spør Erling Skjortnes om livet på garden

Utsikta over fjorden er fantastisk


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as