T-trekket
Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 12.02.2006
Det nye trekket står no så å seie ferdig
til bruk. Bildet viser endestasjonen 800 m.o.h.
Når vi no ser T-trekket og Pomatrekket ved sida av
einannan, ser vi at konstruksjonar og utforming med
tida har endra seg til det betre. Denne
observatøren meiner at det nye trekket har ei
mykje heldigare utforming, og verkar mindre uroande,
når ein først skal ha slike konstruksjonar
ute i naturen.
Dei store utbyggingsarbeida ved Stordal Alpinsenter
denne vinteren har gått etter planen. Vi som
kjenner til kor vanskeleg ver- og snøforholda kan
vere i dette området, var nok kanskje noko
tvilande til om dette i det heile kunne la seg gjere
på denne tida av året. No er tvilen borte.
Rett nok må det kunne seiast at vinteren har vore
svært lagleg i så måte, men likevel
må det vere grunn til å gi ros til alle som
har vore med på dette arbeidet.
|