T-trekket

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 12.02.2006

Det nye trekket står no så å seie ferdig til bruk. Bildet viser endestasjonen 800 m.o.h. Når vi no ser T-trekket og Pomatrekket ved sida av einannan, ser vi at konstruksjonar og utforming med tida har endra seg til det betre. Denne observatøren meiner at det nye trekket har ei mykje heldigare utforming, og verkar mindre uroande, når ein først skal ha slike konstruksjonar ute i naturen.

Dei store utbyggingsarbeida ved Stordal Alpinsenter denne vinteren har gått etter planen. Vi som kjenner til kor vanskeleg ver- og snøforholda kan vere i dette området, var nok kanskje noko tvilande til om dette i det heile kunne la seg gjere på denne tida av året. No er tvilen borte. Rett nok må det kunne seiast at vinteren har vore svært lagleg i så måte, men likevel må det vere grunn til å gi ros til alle som har vore med på dette arbeidet.

I mekanikken enkel og genial som ei Rottefellabinding


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as