Stordal Turlag stifta
Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 04.12.2006
På eit møte i Grendasalen torsdag 30.
november vart Stordal Turlag stifta.
Bakgrunnen for stiftinga av Stordal Turlag er ei
erkjenning av behovet for å få til meir
organiserte tiltak kring det å kartlegge, beskrive
og gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som vi
har over heile kommunen og innover mot våre
grannebygder.
Før stiftelsesmøtet hadde over 30 personar
førehandsteikna seg som medlemmar, og fleire som
møtte fram teikna seg også som medlem.
Stordal Turlag legg opp til å gå opp stier og
turruter og kartleggje disse, og arrangere turar med
turleiarar i kommunen og inn mot nabokommunane.
På møtet fortalde Jan Helland frå
opptakta til initiativet, frå turar arrangert av
andre turlag og arbeid med turar for Sunnmøre
Turistforening i 2007. Hildegunn Langhaug Berli
fortalde frå turar ho hadde vore turleiar for, og
Einar J. Hove gjekk gjennom sjølve
stiftelsesprosedyren.
På møtet vart fyljande valt til styre for
2007:
- Leiar Stig Falling
- Styremedlem Hildegunn Langhaug Berli
- Styremedlem Jan Helland
Les meir om prosjektet her.
Aktører
|