Stordal
|
|
Langsætrane
|
|
DAGEN I DAG
|
31. januar 2025 03:41:53
|
Namnedag:
Idun - Ivar
|
|
Søk i Stordalsportalen
Logg inn
admin
|
Stordal Turlag
Innlagt den 04.12.2006
Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av behovet
for å få til meir organiserte tiltak kring
det å kartlegge, beskrive og gjere kjent det
utruleg flotte turterrenget som vi har over heile
kommunen og innover mot våre grannebygder.
Kort om bakgrunnen for stiftinga av Stordal Turlag
I det etterfølgende listes opp nokre hovedpunkt
som bakgrunn for stiftinga av Stordal Turlag.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal.
Dette prosjektet har arbeidd målretta over mange
år for å utvikle verdiane som ligg i
Øvre Stordal og Langsæterområdet.
Stordal Sogelag.
Dette laget har gjennom dei siste 3 – 4 åra
dokumentert ei rekke historiske og kulturelle tema og
verdiar knytt til Øvre Stordal og
Langsæterområdet så vel som i heile
Stordal Kommune. Sogelaget har knytt gode kontakter til
grannebygdene våre også i samanheng med
fjellturar.
Landbruksorganisasjonane.
Disse har engasjert seg i betydeleg grad for å
rydde gamle vegar og stiar i store delar av Stordal
Kommune i samarbeid med ovanforståande.
Samarbeidet mellom ovanståande prosjekt,
lag og organisasjonar.
Det har vore eit utstrakt samarbeid som har drege i
gang prosjektet Synleggjering, der Stordal Sogelag
står i spissen for å lage informasjonstavler
og retningsskilt som etter kvart skal settast opp i
heile Stordal Kommune.Sogelaget har også allereie
nedlagt eit betydeleg innleiande arbeid i å tegne
turar inn på sine digitale kart. Mange personar
har delteke i dette arbeidet.
Stordal Kommune.
Etter initiativ frå Stordal Kommune har det vore
halde møter mellom mange aktørar i Øvre
Stordal / Langsæterområdet for å kome
fram til omforeinte visjonar og målsettingar for
vidareutvikling av heile dette området. Stordal
Kommune har også støtta økonomisk mange
enkelttiltak i friluftssamanheng.
Stordal Turlag.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og
innover mot våre grannebygder. Dette
sjølvsagt med det siktemål å få
born, unge, eldre og alle slags brukergrupper ut i
våre naturområder. Det å halde i hevd
kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen,
kulturminner og miljøet er også eit fokusert
område. Disse tiltaka vil også vere
svært viktige for dei verksemder i bygdene
våre som bygg på naturbaserte opplevingar.
Men også alle andre bebuarar og verksemder vil ha
stort utbytte og stor nytte av dette tiltaket. Du
oppfordres herved til å støtte disse
målsettingane ved å melde deg inn i Stordal
Turlag.
Vidare invitasjon til samarbeid.
Stordal Turlag inviterer alle lag, organisasjoner og
relevante instanser både innanfor og utanfor
kommunen til samarbeid med utgangspunkt i laget sine
vedtekter og målsettinger.
VEDTEKTER STORDAL TURLAG
1.
Formål
Laget skal :
* Vere aktivt i å kartlegge / beskrive
fjellturar med ulike vanskegrader i
Stordalsfjella og mot nabobygdene
* Stimulere til allsidig frilufsliv
* Arrangere turer i Stordalsfjella og til
våre grannebygder
2. Styre
Laget skal leiast av eit styre på 3
medlemer, med 2 varamenn, som vert valde for 2
år i gongen. Eit styremedlem skal stå
på val etter eitt år, første
året, og sidan vert det alternerande
to-års periodar. Leiaren skal veljast
på årsmøtet kvart år.
3.
Årsmøte
Årsmøtet skal haldast seinast innan
mars kvart år og behandle; Styret si
Årsmelding, regnskap, økonomi,
retningslinjer for framtidige aktiviteter i
laget, fastsette kontingent og velge styre.
4.
Medlemer
Som medlem kan vere enkeltpersoner eller familier
med ein oppgitt hovedperson. Også utanbygds
personer kan vere medlemer. Medlemene i laget har
førsterett til å delta på turer og
arrangement som laget står for.
5.
Kontingent
Årsmøtet fastset kontingenten som skal
betalast på forskot i januar for eitt
år i gongen. Kontingenten er lik for begge
framanforståande medlemstyper.
6.
Vedtektsendringer
Forslag til endringer i vedtektene må ligge
føre skriftleg minst 14 dagar før
Årsmøtet. Endringer i vedtektene krev
2/3 fleirtal.
7. Oppløysing av
laget
Vert laget oppløyst, skal eventuelle midlar
overdragast til Stordal Sogelag.
Årsmøtet avgjer oppløysing av
laget, og det krevst minst 2/3 fleirtal.
|
FRÅ STIFTINGSMØTE 30. NOVEMBER 2006
INNKALLING TIL STIFTINGSMØTE FOR
STORDAL TURLAG
STAD: GRENDASALEN
TORSDAG DEN 30. NOV. 2006 Kl 20.00
=============================
Som stiftarar og medlemer kan
vere:
Både innanbygds og utanbygds personar og
både enkeltpersonar og familier.
Ved innmelding av ein familie må det
oppgjevast ein hovedperson for familien og
seinare kva for andre personar som inngår i
familien.
Begge disse to medlemsgruppene betaler same
medlemskontingent.
For året 2007 er kontingenten sett til Kr.
100.- som må innbetalast til laget sin
Bankkonto nr. 3910.30.44999 seinast i løpet
av januar 2007.
Førehandstegna stiftarar og
medlemer
Det har foregått ei førehandstegning av
stiftarar/medlemer frå 21.11. til
26.11.
Du kan også førehandstegne deg som
stiftar/medlem fram til 29.nov.
Ta kontakt enten til Jan Helland eller Einar J.
Hove
Vedtekter
Eit antal av disse stiftarane har utarbeidd laget
sine vedtekter – som framgår på
etterfølgende side.
Styret for 2007
Dei som har førehandstegna seg som stiftarar
innan søndag den 26.11. vil gi innstilling
til styre for Stordal Turlag for 2007. Dette
styret vel sjølv eventuelle arbeidsutval og
tillitsmenn, organiserer laget sine oppgåver
og styrer laget si verksemd i tråd med
vedtektene.
STORDAL TURLAG har følgende:
Postadresse: Postboks 135, 6259 Stordal
Bankkonto: 3910.30.44999
Utvida INFO – side i Stordalsportalen,
sjå Stordalsportalen.no og derunder –
Fritid/kultur – Lag og organisasjonar
|
Program for Stiftingsmøte i
Grendasalen den 30. 11. Kl. 20.00
- Velkomen, frammøtte, generell informasjon,
førehandstegning av stiftarar /
medlemer
- Formell stifting av laget, vedtekter, val av
styre
- Kort om arbeidet med å tegne turar inn
på digitale kart v/Einar J. Hove
- Arbeidet med arrangering av turar i 2007
– samarbeid med andre lag og med ÅST
v/Jan Helland og Hildegunn Berli
- Kort om bruk og nytte av GPS v/ John Kr.
Hjelle
- Eventuelt
|
Om stiftinga
Aktører
|
|