Stor givarglede til kunstgras
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 03.05.2007
Givargleda er stor, melder "kunstgras general" Vigdis
Hove Øie, og fleire bidrag mottas med takk.
Den gamle grasmatta på Kirkebø Stadion er no
historie. Om ikkje så mange vekene skal den nye
kunstgrasbana leggast. Den skal etter planen vere klar
til Stordalscup 2007, som går av stabelen sist i
juni.
Komiteen for kunstgras har til no samla inn over ein
million kroner til formålet. Det manglar då
berre 180 000 på finansieringa, og folk blir
oppmoda om å fortsette å gi. Vedlagt ligg
lista over givarar pr. 1. mai.
Anna
|