Stor givarglede til kunstgras

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 03.05.2007

Givargleda er stor, melder "kunstgras general" Vigdis Hove Øie, og fleire bidrag mottas med takk.

Den gamle grasmatta på Kirkebø Stadion er no historie. Om ikkje så mange vekene skal den nye kunstgrasbana leggast. Den skal etter planen vere klar til Stordalscup 2007, som går av stabelen sist i juni.

Komiteen for kunstgras har til no samla inn over ein million kroner til formålet. Det manglar då berre 180 000 på finansieringa, og folk blir oppmoda om å fortsette å gi. Vedlagt ligg lista over givarar pr. 1. mai.

Anna

File  KirkeboStadionbidrag

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as