Skulekorpset på stemne til Molde
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 13.06.2006
Stordal Skulekorps var eit av 20 skulekorps som spelte
og marsjerte i Molde i pinsehelga. Det var Kviltorp og
Nordbyen Skolekorps som arrangerte stemne, og trass i
det våte og kalde vêret, vart det eit flott
arrangement.
Stordalingane var på plass fredag kveld,
innkvartert på Kviltorp Skole. Under oppmarsjen
på laurdag, fekk dei marsjere frå Rica Seilet
Hotel til Rådhusplassen. I tillegg var det ein
opptreden utanfor Roseby. Her vanka det is og brus til
forfrosne musikantar. Borna kunne no glede seg til
bowling for å få opp varmen igjen. Laurdagen
vart avslutta med discotek i Bjørnsonhuset, noko
som falt godt i smak hos dei eldste
skulekorpsmedlemmane. Dei yngre fekk dessutan
besøke eit aktivitetshus, der dei fekk prøve
bordtennis, pil og bue og luftegeværskyting.
Søndagen starta med ein forfriskande dukkert i
bassenget. Det var opptil flere som våga seg opp
og hoppa heilt frå 5-meteren! Etter ein god
middag(hurra: pølse og potetstappe!), var det
klart for litt marsjering igjen. Heldigvis var
vêret litt bedre, og til og med sola kika fram.
Det var innmarsj på gamle Molde Stadion og speling
av fellesnummer, før stemnet vart avslutta.
Tilslutt må det nemnast slagordet til Norges
Musikkorps Forbund:
Skulekorpset - heilt utan reservebenk!
|