Skulekorpset på stemne til Molde

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 13.06.2006

Stordal Skulekorps var eit av 20 skulekorps som spelte og marsjerte i Molde i pinsehelga. Det var Kviltorp og Nordbyen Skolekorps som arrangerte stemne, og trass i det våte og kalde vêret, vart det eit flott arrangement.

Stordalingane var på plass fredag kveld, innkvartert på Kviltorp Skole. Under oppmarsjen på laurdag, fekk dei marsjere frå Rica Seilet Hotel til Rådhusplassen. I tillegg var det ein opptreden utanfor Roseby. Her vanka det is og brus til forfrosne musikantar. Borna kunne no glede seg til bowling for å få opp varmen igjen. Laurdagen vart avslutta med discotek i Bjørnsonhuset, noko som falt godt i smak hos dei eldste skulekorpsmedlemmane. Dei yngre fekk dessutan besøke eit aktivitetshus, der dei fekk prøve bordtennis, pil og bue og luftegeværskyting.

Søndagen starta med ein forfriskande dukkert i bassenget. Det var opptil flere som våga seg opp og hoppa heilt frå 5-meteren! Etter ein god middag(hurra: pølse og potetstappe!), var det klart for litt marsjering igjen. Heldigvis var vêret litt bedre, og til og med sola kika fram. Det var innmarsj på gamle Molde Stadion og speling av fellesnummer, før stemnet vart avslutta.

Tilslutt må det nemnast slagordet til Norges Musikkorps Forbund:

Skulekorpset - heilt utan reservebenk!


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as