Barnekoret utkledde som alt frå esel til
englar starta med Palmesøndag, og vidare var
det innslag med tema og song frå
Skjærtorsdag, Langfredag og
Påskedag.
Stordalskvartetten og Tonika slutta seg til
barnekoret undervegs, og det var både felles
framføring og enkelte nummer kvar for seg.
Etter sjølve framsyninga med mykje fin song
var det kveldsmat for alle frammøtte,
tillaga og sett fram av diakoninemnda, før
det var loddsal og trekking av gevinstar. Det var
også trekking av ei stor loddbok med
svære premiar som eit maleri laga og gitt av
Jarle Tafjord, eit stereoanlegg og meir.
I underkant av 100 personar var til stades
på denne fine påskesamlinga på
Stordal Bedehus.
|