Musikalsk påskevandring

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 31.03.2006

Stordal Barnekor, Stordalskvartetten og Tonika bydde på ei musikalsk påskevandring med fleire generasjonar torsdag kveld.

Stordal Barnekor imponerte med mange flinke songarar.

 

Barnekoret utkledde som alt frå esel til englar starta med Palmesøndag, og vidare var det innslag med tema og song frå Skjærtorsdag, Langfredag og Påskedag.
Stordalskvartetten og Tonika slutta seg til barnekoret undervegs, og det var både felles framføring og enkelte nummer kvar for seg.

Etter sjølve framsyninga med mykje fin song var det kveldsmat for alle frammøtte, tillaga og sett fram av diakoninemnda, før det var loddsal og trekking av gevinstar. Det var også trekking av ei stor loddbok med svære premiar som eit maleri laga og gitt av Jarle Tafjord, eit stereoanlegg og meir.

I underkant av 100 personar var til stades på denne fine påskesamlinga på Stordal Bedehus.

Stordal Barnekor, Stordalskvartetten og Tonika saman om påska sitt bodskap.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as