Modi forsvinn frå Stordalen
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 08.02.2006
Dei tilsette fekk mandag vite at Hjellegjerde flytter
all produksjon og utstyr på Modi til Sykkylven.
Dermed er vel sirkelen slutta for Hjellegjerde sin del,
dei har endeleg gjort ende på Modi.
Hjellegjerde melder at dette blir gjort etter ein
periode med dårleg økonomi. Kven som har den
dårlege økonomien er ikkje opplyst.
Dei tilsette har fått tilbod om å følge
med til Sykkylven, men for mange vil nok dette vere
praktisk veldig vanskeleg. Dei som jobbar på Modi
har vore der i mange år, dei fleste heilt frå
den gongen bedrifta heitte Pedro. Modigjengen har heile
tida vist ein utruleg god lojalitet til bedrifta si
(les: Modi). Mange har oppgjennom tida vorte oppsagde
av Hjellegjerde (også underteikna), men knapt ein
har vel slutta frivilleg. Dette har skapt eit unikt
samhald mellom dei som er igjen.
Tillitsvalde og ansatte har også tidlegare
måtta kjempe for arbeidsplassane sine. Utan den
fantastiske innsatsen deira, hadde Modi vorte flytta
til Sykkylven eller utlandet allereie i 2002.
Til alle arbeidsgivarar som no får ein tidlegare
Modi-ansatt på døra; ta vel imot han eller
ho. Det er ein unik person som står der.
Dette er leitt. Det er leitt for Modigjengen, for
familien Hove, for alle Stordalingar.
|