Modi forsvinn frå Stordalen

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 08.02.2006

Dei tilsette fekk mandag vite at Hjellegjerde flytter all produksjon og utstyr på Modi til Sykkylven. Dermed er vel sirkelen slutta for Hjellegjerde sin del, dei har endeleg gjort ende på Modi.

Hjellegjerde melder at dette blir gjort etter ein periode med dårleg økonomi. Kven som har den dårlege økonomien er ikkje opplyst.

Dei tilsette har fått tilbod om å følge med til Sykkylven, men for mange vil nok dette vere praktisk veldig vanskeleg. Dei som jobbar på Modi har vore der i mange år, dei fleste heilt frå den gongen bedrifta heitte Pedro. Modigjengen har heile tida vist ein utruleg god lojalitet til bedrifta si (les: Modi). Mange har oppgjennom tida vorte oppsagde av Hjellegjerde (også underteikna), men knapt ein har vel slutta frivilleg. Dette har skapt eit unikt samhald mellom dei som er igjen.

Tillitsvalde og ansatte har også tidlegare måtta kjempe for arbeidsplassane sine. Utan den fantastiske innsatsen deira, hadde Modi vorte flytta til Sykkylven eller utlandet allereie i 2002.

Til alle arbeidsgivarar som no får ein tidlegare Modi-ansatt på døra; ta vel imot han eller ho. Det er ein unik person som står der.

Dette er leitt. Det er leitt for Modigjengen, for familien Hove, for alle Stordalingar.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as