Julekonsert i Stordal kyrkje.
Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 18.12.2005
Fin julekonsert i Stordal Kyrkje 18.12.2005.
Det var mange som møtte fram til den etterkvart
tradisjonelle kyrkjekonserten i Stordal kyrkje fjerde
søndag i advent.
Der fekk dei ei minnerik stund med framføring av
song og musikk av ulike aktørar i Stordal; Stordal
skulekorps, barnekoret Unge Røyster, Kristina
Malene Stavseng på fiolin, Maria Holand Tøsse
som sang, Kristoffer Olai Stavseng på cello,
Larissa Mikkelsen på kyrkjeorgelet, Marianne Ravn
Stavseng som sang, koret Tonika, Terje Aasen som sang
og Stordal hornmusikklag. Inna Krinicka akkompagnerte
til mange av innslaga på piano.
I tillegg var det fellesnummer for alle; "Det lyser i
stille grender" og "Deilig er jorden", og midtveis i
programmet heldt prest Nils Beite "Ord for dagen".
Arrangør i år var Stordal hornmusikklag,
dette er ei oppgåve som gjeng på omgang
mellom dei ulike laga.
Hadde ein ikkje fått føling med jula
før, så forlot ein iallefall denne konserten
i god julestemning.
|