Julekonsert i Stordal kyrkje.

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 18.12.2005

Fin julekonsert i Stordal Kyrkje 18.12.2005.

Det var mange som møtte fram til den etterkvart tradisjonelle kyrkjekonserten i Stordal kyrkje fjerde søndag i advent.

Der fekk dei ei minnerik stund med framføring av song og musikk av ulike aktørar i Stordal; Stordal skulekorps, barnekoret Unge Røyster, Kristina Malene Stavseng på fiolin, Maria Holand Tøsse som sang, Kristoffer Olai Stavseng på cello, Larissa Mikkelsen på kyrkjeorgelet, Marianne Ravn Stavseng som sang, koret Tonika, Terje Aasen som sang og Stordal hornmusikklag. Inna Krinicka akkompagnerte til mange av innslaga på piano.

I tillegg var det fellesnummer for alle; "Det lyser i stille grender" og "Deilig er jorden", og midtveis i programmet heldt prest Nils Beite "Ord for dagen".

Arrangør i år var Stordal hornmusikklag, dette er ei oppgåve som gjeng på omgang mellom dei ulike laga.

Hadde ein ikkje fått føling med jula før, så forlot ein iallefall denne konserten i god julestemning.

Stordal Hornmusikklag i aksjon under julekonserten


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as