Frisk start
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 03.01.2008
Då var juleribba fortært, og vi kan tenkje
litt på kvardagen igjen!
Er tida er komen for å forbrenne litt kaloriar som
har lagt seg litt her og der? Ta ein titt på
øvings- og treningstider som
ligg ute på Stordal Kommune sine nettsider. Vi ser
at nokre nye tilbod har kome med, som t.d. Tae Kwon Do
og Aerobictrening.
Stordal Treningsenter har ope nesten kvar dag,
nærare informasjon finn du på heimesida deira.
Flott natur og fine høve for
utandørsaktivitetar er det også no. Sjekk
heimesida til Arena Overøye for alpine
utfordringar, eller ta deg ein tur på bortoverski
på Langsætrane eller i lysløypa på
Stavsengfjellet.
Der er også mange aktivitetar innan song og
musikk, skyting og bading.
Oppmodinga er: Finn på noko nytt i
år!
|