Frisk start

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 03.01.2008

Då var juleribba fortært, og vi kan tenkje litt på kvardagen igjen!

Er tida er komen for å forbrenne litt kaloriar som har lagt seg litt her og der? Ta ein titt på øvings- og treningstider som ligg ute på Stordal Kommune sine nettsider. Vi ser at nokre nye tilbod har kome med, som t.d. Tae Kwon Do og Aerobictrening.

Stordal Treningsenter har ope nesten kvar dag, nærare informasjon finn du på heimesida deira.

Flott natur og fine høve for utandørsaktivitetar er det også no. Sjekk heimesida til Arena Overøye for alpine utfordringar, eller ta deg ein tur på bortoverski på Langsætrane eller i lysløypa på Stavsengfjellet.

Der er også mange aktivitetar innan song og musikk, skyting og bading.

Oppmodinga er: Finn på noko nytt i år!


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as