Fine forhold for alpinistar og turgåarar i
Overøyeområdet.
Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 02.01.2006
Pomatrekket og det nye familietrekket er no i full
drift i Overøye. Saman med dei andre utbetringane
vil dette gi eit langt betre tilbod både for
vanleg slalåmkøyring og for
laussnøkøyring. Men tilbodet har blitt langt
betre også for vanlege turgåarar.
No i romjula har løypetrakkemaskinen vore i
aktivitet, og det er gode spor på begge sider av
elva i området mellom Overøye og Almås.
Som turgåar kan du til dømes sette på
deg skiene ved parkeringsplassen i Overøye og
gå til Kvitlene. Derifrå kan du gå
på venstre sida av elva nedover dalen. Du vil
då kunne sjå Stordal Alpinsenter frå
andre sida av elva, og vidare vil du gå over
Seljebotsmyrane. Seljebotsmyrane er eit
naturvernområde. Området er verna på
grunn av særeigne myrbiotopar, men eignar seg godt
for turgåing på vinterstid. Du kan så
krysse elva over Seljebotsbrua og gå tilbake til
parkeringsplassen på den sida av elva. Dette blir
ein tur på om lag 9 km.
Dette er berre eitt av dei turtilboda der Stordal
Fjellservice no kan tilby oppkøyrde løyper.
Aktører
|