Fine forhold for alpinistar og turgåarar i
Overøyeområdet.
Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 02.01.2006
Pomatrekket og det nye familietrekket er no i full drift i
Overøye. Saman med dei andre utbetringane vil dette gi
eit langt betre tilbod både for vanleg
slalåmkøyring og for
laussnøkøyring. Men tilbodet har blitt langt
betre også for vanlege turgåarar.
No i romjula har løypetrakkemaskinen vore i aktivitet,
og det er gode spor på begge sider av elva i
området mellom Overøye og Almås. Som
turgåar kan du til dømes sette på deg
skiene ved parkeringsplassen i Overøye og gå til
Kvitlene. Derifrå kan du gå på venstre sida
av elva nedover dalen. Du vil då kunne sjå
Stordal Alpinsenter frå andre sida av elva, og vidare
vil du gå over Seljebotsmyrane. Seljebotsmyrane er eit
naturvernområde. Området er verna på grunn
av særeigne myrbiotopar, men eignar seg godt for
turgåing på vinterstid. Du kan så krysse
elva over Seljebotsbrua og gå tilbake til
parkeringsplassen på den sida av elva. Dette blir ein
tur på om lag 9 km.
Dette er berre eitt av dei turtilboda der Stordal
Fjellservice no kan tilby oppkøyrde løyper.
Aktører
-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no
--
eZ publish™ copyright ©
1999-2023 eZ systems as