1. mai og sykkeltrim
Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 01.05.2008
Med flott ver var det vel knapt ein Stordaling som
ikkje sykla mellom skulen og Mo 1. mai. Litt dryg var
siste brauta, for motvinden tok kraftig tak.
Tur og trim gruppa i SIL arrangerer sykkeltrimmen kvart
år, som starten på sine arrangement for
å få folk ut på tur.
På Mo bedehus diska dei opp med svele, saft og
kaffi, noko som gjorde godt etter kraftanstrengelsen
med å sykle i motvinden. Mange fine gevinstar i
tombolaen, og det kjekkaste med det heile - dei fleste
vinn eitkvart!
Spesielt heldige var Simen Kvammen Tøsse og Karl
Løset som vann hovudpremiane - kvar sin sykkel.
Les meir om Tur og Trim sin Kassejakt
her
|