1. mai og sykkeltrim

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 01.05.2008

Med flott ver var det vel knapt ein Stordaling som ikkje sykla mellom skulen og Mo 1. mai. Litt dryg var siste brauta, for motvinden tok kraftig tak.

Tur og trim gruppa i SIL arrangerer sykkeltrimmen kvart år, som starten på sine arrangement for å få folk ut på tur.

På Mo bedehus diska dei opp med svele, saft og kaffi, noko som gjorde godt etter kraftanstrengelsen med å sykle i motvinden. Mange fine gevinstar i tombolaen, og det kjekkaste med det heile - dei fleste vinn eitkvart!

Spesielt heldige var Simen Kvammen Tøsse og Karl Løset som vann hovudpremiane - kvar sin sykkel.

Les meir om Tur og Trim sin Kassejakt her


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as