|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Søk i Stordalsportalen
|
SynleggjeringSkrive av: Einar J. HoveInnlagt den 22.05.2006 BAKGRUNN FOR DETTE PROSJEKTET
Øvre Stordal og Stordal
Sogelag FØRSTE TRINN:Første trinn har vore å dokumentere skriftleg og gjere kjent ei masse saker som vi reknar som store historiske og kulturelle verdiar. Vi gjengir her kort kva slags verdiar og tiltak vi meiner i denne samanheng: Stordal Sogelag har skrive følgende hefter som er gitt ut gratis til Sogelaget sine 230 medlemer:
Stølane i Stordal ( 32
stølar )
Langsætrane
Klyngetunet på Jøsvoll Sogelaget har på gang skriving av to store hefter om dei fremste gardane i Nøre-dalen i Stordal. Slik som i heftet om klyngetunet på Jøsvoll, vil vi dokumentere kva slags kulturminner som finnest på gardane i den øvre del av Nøredalen. Øvre Stordal og Stordal Sogelag har vidare engasjert seg i følgende tiltak: 1. Vitenskapelege undersøkingar av Trollkyrkjegaren 2. Rydding av tuftene etter garden Fokhaug og historisk dokumentasjon 3. Vi har skrive om disse gamle kulturminna i Langsæterområdet:
Framanforståande er ganske omfattande dokumentasjon av Kulturminna i utkantane av bygdene våre. Ein del bildemateriell frå ovanståande finn du under Heimesida til Stordal Sogelag under Stordalsportalen. Sjå Bildearkiv og underpunkta til venstre. Øvre Stordal og Stordal Sogelag arbeider også med eit stort tiltak som går ut på å lage ei samanfatning av alle kulturminne i Øvre Stordal. ANDRE TRINN:Stordal Sogelag tok for tre år sidan kontakt med Stordal Bondelag for å få til eit samarbeid om: RYDDING AV GAMLE STIER / RÅSER FRAM TIL ALLE FRAMANFORSTÅANDE KULTURMINNER. I forkant av dette hadde Stordal Sogelag skissert på eigne kart kvar disse gamle stiane / råsene gjekk. Stordal Bondelag har fått støtte frå Landbruksavdelinga på Molde til å rydde alle ovanståande stier og råser, og dette arbeidet skal vere avslutta i år 2006. TREDJE TRINN:
Det tredje trinnet går så ut på å
synleggjere dette og det er dette prosjekt
SYNLEGGJERING handler om. PROSJEKT SYNLEGGJERINGVi deler dette inn i følgende typer tiltak: Oppsetting av Informasjonstavler Det er no i starten under produksjon 3 informasjonstavler. Ei stor informasjonstavle på Overøye. Dette er ein konstruksjon som er bygt på eit historisk korrekt grindbygg. Her vil stå informasjon både på utsida og innvendig i dette bygget. Tegninga av denne grindkonstruksjonen er vist nedanfor. Mykje av dette arbeidet blir gjort på dugnad av medlemer av Stordal Sogelag. Nedanfor viser vi nokre bilder frå ein del av arbeidet med denne konstruksjonen. Den røynde byggmesteren Per Kjell Holtleite har vore leiar for dette arbeidet og delteke mykje i sjølve arbeidet også. Men fleire andre har også delteke. Einar Midtbust, Kåre Kleiven, Einar J. Hove, Johan Vinje, Harald Jøsvoll. Det er mange prosesser som skal gjerast i ein slik grindkonstruksjon. Nedanfor viser vi fire bilder frå starten på dette arbeidet. Sven Tore Busengdal, Per Kjell Holtleite. Denne grindkonstruksjonen skal setjast opp ved den store furua på fremste Parkeringsplassen på Overøye. Nedanfor er vist ein illustrasjon av korleis den skal framstå som informasjonstavle med mykje informasjon både utvendig og innvendig. I tillegg til denne store tavla skal det setjast opp to meir konvensjonelle informasjonstavler. Ei øverst oppe på Kvitlanestølen og ei relativt stor tavle ved brua nedanfor Puskenstølen. I tillegg til spesialproduserte turstikart, vil her kome mykje interessant informasjon av historisk og kulturell art. Vi vil gi meir informasjon om disse tavlene når arbeidet med dei er kome litt lenger. Oppsetting av retningsskilt. Stordal Sogelag arbeider også med å lage ei mengd med retningsskilt som skal gi god informasjon om kvar du skal gå for å kome fram til dei forskjellige turmåla. Kart og informasjon på Internett. Stordal Sogelag rår over digitale kart der vi sjølve kan sette inn all den informasjon vi vil og få disse karta produsert for oppsetting på våre informasjonstavler. I tillegg til dette kan vi presentere disse karta for visning på Internett. Det er dette vi etter kvart vil utvikle som Konseptet: Tur med Oppleving og Læring. MEIR INFORMASJON OM PROSJEKTET SYNLEGGJERING KJEM HER NO 13. JULI 2006.
Over ser vi til venstre John Hjelmseth og Kåre
Kleiven i arbeid på grindbygget. Tomta på Overøye der grindbygget skal stå vert klargjort. På bildet over til venstre er frå venstre Kjell Mulelid, Alfred Johansen og Tore Hallan i full gong med å støype fundamenta som grindbygget skal stå på. På bildet over til høgre vert tomta rydda og jamna til etter at støypinga er ferdig. Frå venstre Emil Staurset, Johan Vinje og Einar Midtbust.
Grindbygget trygt plassert på solide fundament på Overøye. Frå venstre Alf Overøye, Kristian Almås og John Kristian Hjelle. Parallelt med at konstruksjonen av grindbygget vart ferdiggjort var ein gjeng opp i Stavdalslia og tok never til taket. Bilda nedanfor viser frå dette arbeidet.
Sluttføringa av bygget vil skje i slutten av juli
og byrjinga av august. Då vil også mykje av
den informasjonen som skal stå dels utanpå og
dels inne i grindbygget vere klar og bli montert.
FØLG MED I DEN VIDARE UTVIKLINGA. |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
© Stordalsportalen 2005 - 2012 Om Stordalsportalen Kontaktskjema |