Synleggjering

Skrive av: Einar J. Hove
Innlagt den 22.05.2006

BAKGRUNN FOR DETTE PROSJEKTET

Øvre Stordal og Stordal Sogelag
har teke initiativet til å SYNLEGGJERE dei store verdiane som vi har i utkantane av bygdene våre - Stordal, Dyrkorn og Bortomfjorden. Det har vore arbeidd etter ein TRE - TRINNS - PLAN.

FØRSTE TRINN:

Første trinn har vore å dokumentere skriftleg og gjere kjent ei masse saker som vi reknar som store historiske og kulturelle verdiar. Vi gjengir her kort kva slags verdiar og tiltak vi meiner i denne samanheng:

Stordal Sogelag har skrive følgende hefter som er gitt ut gratis til Sogelaget sine 230 medlemer:

Stølane i Stordal ( 32 stølar )
Dette er ei registrering, ein informasjon med tekst og bilder og ei kartfesting av alle stølane i heile Stordal Kommune. Dette er heile 32 stølar når vi også tek med tuftene etter dei aller eldste. Dei eldste som vi har informasjon om, er frå 1600 - talet. Stordal Sogelag har også klargjort alle stiane som gjekk fram til og mellom alle disse stølane.

Langsætrane
Dette er dei store sommarsætrane til dei 40 nederste bruka i Stordal. Dei består av to stølar; Pusken og Kvitlane og var dei største samla stølane på Vestlandet. Stordal Sogelag har skreve utførleg om disse stølane i eit stort temahefte med ei mengd gamle bilder frå stølslivet i eldre tider.

Klyngetunet på Jøsvoll
Stordal Sogelag har i dette heftet også registrert og skrive om dei mange kulturminna som knyter seg til dette klyngetunet.

Sogelaget har på gang skriving av to store hefter om dei fremste gardane i Nøre-dalen i Stordal. Slik som i heftet om klyngetunet på Jøsvoll, vil vi dokumentere kva slags kulturminner som finnest på gardane i den øvre del av Nøredalen.

Øvre Stordal og Stordal Sogelag har vidare engasjert seg i følgende tiltak:

1. Vitenskapelege undersøkingar av Trollkyrkjegaren

2. Rydding av tuftene etter garden Fokhaug og historisk dokumentasjon

3. Vi har skrive om disse gamle kulturminna i Langsæterområdet:

Framanforståande er ganske omfattande dokumentasjon av Kulturminna i utkantane av bygdene våre. Ein del bildemateriell frå ovanståande finn du under Heimesida til Stordal Sogelag under Stordalsportalen. Sjå Bildearkiv og underpunkta til venstre.

Øvre Stordal og Stordal Sogelag arbeider også med eit stort tiltak som går ut på å lage ei samanfatning av alle kulturminne i Øvre Stordal.

ANDRE TRINN:

Stordal Sogelag tok for tre år sidan kontakt med Stordal Bondelag for å få til eit samarbeid om:

RYDDING AV GAMLE STIER / RÅSER FRAM TIL ALLE FRAMANFORSTÅANDE KULTURMINNER.

I forkant av dette hadde Stordal Sogelag skissert på eigne kart kvar disse gamle stiane / råsene gjekk. Stordal Bondelag har fått støtte frå Landbruksavdelinga på Molde til å rydde alle ovanståande stier og råser, og dette arbeidet skal vere avslutta i år 2006.

TREDJE TRINN:

Det tredje trinnet går så ut på å synleggjere dette og det er dette prosjekt SYNLEGGJERING handler om.
Vi skal her beskrive kva dette prosjektet går ut på:

PROSJEKT SYNLEGGJERING

Vi deler dette inn i følgende typer tiltak:

Oppsetting av Informasjonstavler

Det er no i starten under produksjon 3 informasjonstavler.

Ei stor informasjonstavle på Overøye. Dette er ein konstruksjon som er bygt på eit historisk korrekt grindbygg. Her vil stå informasjon både på utsida og innvendig i dette bygget.

Tegninga av denne grindkonstruksjonen er vist nedanfor.

Mykje av dette arbeidet blir gjort på dugnad av medlemer av Stordal Sogelag. Nedanfor viser vi nokre bilder frå ein del av arbeidet med denne konstruksjonen. Den røynde byggmesteren Per Kjell Holtleite har vore leiar for dette arbeidet og delteke mykje i sjølve arbeidet også. Men fleire andre har også delteke.

Einar Midtbust, Kåre Kleiven, Einar J. Hove, Johan Vinje, Harald Jøsvoll.

Det er mange prosesser som skal gjerast i ein slik grindkonstruksjon. Nedanfor viser vi fire bilder frå starten på dette arbeidet.

Sven Tore Busengdal, Per Kjell Holtleite.

Denne grindkonstruksjonen skal setjast opp ved den store furua på fremste Parkeringsplassen på Overøye. Nedanfor er vist ein illustrasjon av korleis den skal framstå som informasjonstavle med mykje informasjon både utvendig og innvendig.

I tillegg til denne store tavla skal det setjast opp to meir konvensjonelle informasjonstavler. Ei øverst oppe på Kvitlanestølen og ei relativt stor tavle ved brua nedanfor Puskenstølen. I tillegg til spesialproduserte turstikart, vil her kome mykje interessant informasjon av historisk og kulturell art. Vi vil gi meir informasjon om disse tavlene når arbeidet med dei er kome litt lenger.

Oppsetting av retningsskilt.

Stordal Sogelag arbeider også med å lage ei mengd med retningsskilt som skal gi god informasjon om kvar du skal gå for å kome fram til dei forskjellige turmåla.

Kart og informasjon på Internett.

Stordal Sogelag rår over digitale kart der vi sjølve kan sette inn all den informasjon vi vil og få disse karta produsert for oppsetting på våre informasjonstavler. I tillegg til dette kan vi presentere disse karta for visning på Internett. Det er dette vi etter kvart vil utvikle som Konseptet: Tur med Oppleving og Læring.

MEIR INFORMASJON OM PROSJEKTET SYNLEGGJERING KJEM HER NO 13. JULI 2006.

Dugnadskarar treng også pause.
På bildet til høgre ser vi frå venstre Kåre Kleiven, Karl Øvrebust, Ove Løfoll og Sven Tore Busengdal.

Til venstre ser vi ein detalj frå grindbygget. Vi ser BETEN nærast som er felt ned på STAVEN. Bak staven og oppå beten er RAFTHALDET felt inn.

Over ser vi til venstre John Hjelmseth og Kåre Kleiven i arbeid på grindbygget.
På bildet over til høgre Olaus Overøye.

Tomta på Overøye der grindbygget skal stå vert klargjort. På bildet over til venstre er frå venstre Kjell Mulelid, Alfred Johansen og Tore Hallan i full gong med å støype fundamenta som grindbygget skal stå på. På bildet over til høgre vert tomta rydda og jamna til etter at støypinga er ferdig. Frå venstre Emil Staurset, Johan Vinje og Einar Midtbust.

Til høgre ser vi Geir Innselseth frå Busengdal Transport som løftar grindbygget høgt til vers for å sette det på bilen som skal frakte det til Overøye.

På bildet til venstre vert grindbygget flytta ut av bygget til Harald Jøsvol der det har stått under sjølve bygginga. Sperrene var klargjort og montert, men vart demontert før bygget kunne flyttast. Disse ligg no klar til å monterast på att. Frå venstre Harald Jøsvoll og John Kristian Hjelle.

Grindbygget trygt plassert på solide fundament på Overøye. Frå venstre Alf Overøye, Kristian Almås og John Kristian Hjelle.

Parallelt med at konstruksjonen av grindbygget vart ferdiggjort var ein gjeng opp i Stavdalslia og tok never til taket. Bilda nedanfor viser frå dette arbeidet.

Sluttføringa av bygget vil skje i slutten av juli og byrjinga av august. Då vil også mykje av den informasjonen som skal stå dels utanpå og dels inne i grindbygget vere klar og bli montert.
Parallelt med ovanståande arbeides det med tillaging av dei mange retningsskilta som skal stå i Langsæterområdet.

FØLG MED I DEN VIDARE UTVIKLINGA.
VI LEGG MEIR INFORMASJON INN HER SEINARE.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as