Stordalsportalen AS er stifta!
Stordalsportalen er no stifta og organisert som
eit bygdeaksjeselskap.
Stiftelsesmøtet for Stordalsportalen AS vart
halde i kommunestyresalen i Stordal laurdag 25.
februar 2006.
52 enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter
har teikna seg som aksjonærar i
Stordalsportalen AS. Tilsaman representerer
aksjonærane ei stor breidde innan
Stordalssamfunnet.
I tillegg til aksjekapitalen har ei rekke givarar
ytt direkte støtte til vidareutvikling av
Stordalsportalen med til saman kr. 47.000,-.
Styret takkar spesielt disse givarane for den
gode støtta dette representerer.
Protokollen frå stiftelsesmøtet, med
vedtekter og åpningsbalanse finn du her.
|