Stordalsportalen AS er stifta!

Stordalsportalen er no stifta og organisert som eit bygdeaksjeselskap.

Stiftelsesmøtet for Stordalsportalen AS vart halde i kommunestyresalen i Stordal laurdag 25. februar 2006.
52 enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter har teikna seg som aksjonærar i Stordalsportalen AS. Tilsaman representerer aksjonærane ei stor breidde innan Stordalssamfunnet.

I tillegg til aksjekapitalen har ei rekke givarar ytt direkte støtte til vidareutvikling av Stordalsportalen med til saman kr. 47.000,-. Styret takkar spesielt disse givarane for den gode støtta dette representerer.

Protokollen frå stiftelsesmøtet, med vedtekter og åpningsbalanse finn du her.


-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2025 eZ systems as