Stordalscup i rute
Planane for Stordalscup 2008 er snart i boks, og
her blir det mykje spennande. Det er smart å
krysse av helga 27. – 29. juni i
kalenderen.
Fotball
Det er allereie mange påmeldte lag til
turneringa i aldersbestemte klasser. I fjor var
det rekord med 80 lag, og dette var omlag så
mange som arrangøren kunne ta imot. Noko
mindre blir det vel ikkje i år heller.
Nytt tivoli
Dei meir barnslege av oss (i sinn, ikkje i alder)
kan glede seg til eit nytt tivoli i år;
Bergströms Tivoli. Dei skiltar med blandt
anna karusellar med spanande namn som Waltzer og
Crazy Dance. Les meir om dette på www.stordalscup.no.
Paintball og bueskyting er sjølvsagt med, og
lokale stjerner vil underhalde med song og
musikk.
Gjer eit kupp
Messe og loppemarknad blir det også, og
også her er det nye utstillarar på
gang. Mange kjem med eigne bilar og skal ha
oppstilling utandørs. Komiteen for
loppemarknad melder om at loppene strøymer
inn, og det blir høve til levering på
Grendasalen den 23., 24. og 25. juni klokka
18.00-21.00
Utedans
Utedans er tradisjon, og vert lagt til plassen
utanfor kiosken. Kva band som skal spele er ikkje
bekrefta enno, men god dansemusikk skal det bli.
Opning av nye Kirkebø Stadion
Som dei fleste veit, har Kirkebø Stadion
fått kunstgras, og offisiell opning av det
nye stadion er lagt til fredagen i Cuphelga. Det
vert ei blanding av høgtidleg snorklipping
og litt meir uformell underhaldning.
Stordalscup sviktar aldri, her er noko
for dei fleste! Møt opp og kos dokke denne
finevershelga i slutten av juni.
|