Planane for Stordalscup 2008 er snart i boks, og her blir det mykje spennande. Det er smart å krysse av helga 27. – 29. juni i kalenderen.
Det er allereie mange påmeldte lag til turneringa i aldersbestemte klasser. I fjor var det rekord med 80 lag, og dette var omlag så mange som arrangøren kunne ta imot. Noko mindre blir det vel ikkje i år heller.
Dei meir barnslege av oss (i sinn, ikkje i alder) kan glede seg til eit nytt tivoli i år; Bergströms Tivoli. Dei skiltar med blandt anna karusellar med spanande namn som Waltzer og Crazy Dance. Les meir om dette på www.stordalscup.no. Paintball og bueskyting er sjølvsagt med, og lokale stjerner vil underhalde med song og musikk.
Messe og loppemarknad blir det også, og også her er det nye utstillarar på gang. Mange kjem med eigne bilar og skal ha oppstilling utandørs. Komiteen for loppemarknad melder om at loppene strøymer inn, og det blir høve til levering på Grendasalen den 23., 24. og 25. juni klokka 18.00-21.00
Utedans er tradisjon, og vert lagt til plassen utanfor kiosken. Kva band som skal spele er ikkje bekrefta enno, men god dansemusikk skal det bli.
Som dei fleste veit, har Kirkebø Stadion fått kunstgras, og offisiell opning av det nye stadion er lagt til fredagen i Cuphelga. Det vert ei blanding av høgtidleg snorklipping og litt meir uformell underhaldning.
Stordalscup sviktar aldri, her er noko for dei fleste! Møt opp og kos dokke denne finevershelga i slutten av juni.