Stordal Turlag stifta
På eit møte i Grendasalen torsdag 30.
november vart Stordal Turlag stifta.
Bakgrunnen for stiftinga av Stordal Turlag er ei
erkjenning av behovet for å få til meir
organiserte tiltak kring det å kartlegge,
beskrive og gjere kjent det utruleg flotte
turterrenget som vi har over heile kommunen og
innover mot våre grannebygder.
Før stiftelsesmøtet hadde over 30
personar førehandsteikna seg som medlemmar,
og fleire som møtte fram teikna seg
også som medlem.
Stordal Turlag legg opp til å gå opp
stier og turruter og kartleggje disse, og
arrangere turar med turleiarar i kommunen og inn
mot nabokommunane.
På møtet fortalde Jan Helland frå
opptakta til initiativet, frå turar
arrangert av andre turlag og arbeid med turar for
Sunnmøre Turistforening i 2007. Hildegunn
Langhaug Berli fortalde frå turar ho hadde
vore turleiar for, og Einar J. Hove gjekk gjennom
sjølve stiftelsesprosedyren.
På møtet vart fyljande valt til styre
for 2007:
- Leiar Stig Falling
- Styremedlem Hildegunn Langhaug Berli
- Styremedlem Jan Helland
Les meir om prosjektet her.
|