Stordal Turlag
Skipinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av
behovet for å få til meir organiserte
tiltak kring det å kartlegge, beskrive og
gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som
vi har over heile kommunen og innover mot
våre grannebygder.
Kort om bakgrunnen for stiftinga av Stordal
Turlag
I det etterfølgende listes opp nokre
hovedpunkt som bakgrunn for stiftinga av Stordal
Turlag.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal.
Dette prosjektet har arbeidd målretta over
mange år for å utvikle verdiane som
ligg i Øvre Stordal og
Langsæterområdet.
Stordal Sogelag.
Dette laget har gjennom dei siste 3 – 4
åra dokumentert ei rekke historiske og
kulturelle tema og verdiar knytt til Øvre
Stordal og Langsæterområdet så vel
som i heile Stordal Kommune. Sogelaget har knytt
gode kontakter til grannebygdene våre
også i samanheng med fjellturar.
Landbruksorganisasjonane.
Disse har engasjert seg i betydeleg grad for
å rydde gamle vegar og stiar i store delar
av Stordal Kommune i samarbeid med
ovanforståande.
Samarbeidet mellom ovanståande
prosjekt, lag og organisasjonar.
Det har vore eit utstrakt samarbeid som har drege
i gang prosjektet Synleggjering, der Stordal
Sogelag står i spissen for å lage
informasjonstavler og retningsskilt som etter
kvart skal settast opp i heile Stordal
Kommune.Sogelaget har også allereie nedlagt
eit betydeleg innleiande arbeid i å tegne
turar inn på sine digitale kart. Mange
personar har delteke i dette arbeidet.
Stordal Kommune.
Etter initiativ frå Stordal Kommune har det
vore halde møter mellom mange aktørar i
Øvre Stordal / Langsæterområdet
for å kome fram til omforeinte visjonar og
målsettingar for vidareutvikling av heile
dette området. Stordal Kommune har også
støtta økonomisk mange enkelttiltak i
friluftssamanheng.
Stordal Turlag.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av
behovet for å få til meir organiserte
tiltak kring det å kartlegge, beskrive og
gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som
vi har over heile kommunen og innover mot
våre grannebygder. Dette sjølvsagt med
det siktemål å få born, unge,
eldre og alle slags brukergrupper ut i våre
naturområder. Det å halde i hevd
kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen,
kulturminner og miljøet er også eit
fokusert område. Disse tiltaka vil også
vere svært viktige for dei verksemder i
bygdene våre som bygg på naturbaserte
opplevingar. Men også alle andre bebuarar og
verksemder vil ha stort utbytte og stor nytte av
dette tiltaket. Du oppfordres herved til å
støtte disse målsettingane ved å
melde deg inn i Stordal Turlag.
Vidare invitasjon til samarbeid.
Stordal Turlag inviterer alle lag, organisasjoner
og relevante instanser både innanfor og
utanfor kommunen til samarbeid med utgangspunkt i
laget sine vedtekter og målsettinger.
VEDTEKTER STORDAL TURLAG
1.
Formål
Laget skal :
* Vere aktivt i å kartlegge / beskrive
fjellturar med ulike vanskegrader i
Stordalsfjella og mot nabobygdene
* Stimulere til allsidig frilufsliv
* Arrangere turer i Stordalsfjella og til
våre grannebygder
2.
Styre
Laget skal leiast av eit styre på 3
medlemer, med 2 varamenn, som vert valde
for 2 år i gongen. Eit styremedlem
skal stå på val etter eitt
år, første året, og sidan
vert det alternerande to-års periodar.
Leiaren skal veljast på
årsmøtet kvart år.
3.
Årsmøte
Årsmøtet skal haldast seinast
innan mars kvart år og behandle;
Styret si Årsmelding, regnskap,
økonomi, retningslinjer for framtidige
aktiviteter i laget, fastsette kontingent
og velge styre.
4.
Medlemer
Som medlem kan vere enkeltpersoner eller
familier med ein oppgitt hovedperson.
Også utanbygds personer kan vere
medlemer. Medlemene i laget har
førsterett til å delta på
turer og arrangement som laget står
for.
5.
Kontingent
Årsmøtet fastset kontingenten som
skal betalast på forskot i januar for
eitt år i gongen. Kontingenten er lik
for begge framanforståande
medlemstyper.
6.
Vedtektsendringer
Forslag til endringer i vedtektene må
ligge føre skriftleg minst 14 dagar
før Årsmøtet. Endringer i
vedtektene krev 2/3 fleirtal.
7. Oppløysing
av laget
Vert laget oppløyst, skal eventuelle
midlar overdragast til Stordal Sogelag.
Årsmøtet avgjer oppløysing
av laget, og det krevst minst 2/3 fleirtal.
|
FRÅ STIFTINGSMØTE 30. NOVEMBER 2006
INNKALLING TIL STIFTINGSMØTE
FOR STORDAL TURLAG
STAD: GRENDASALEN
TORSDAG DEN 30. NOV. 2006 Kl 20.00
=============================
Som stiftarar og medlemer kan
vere:
Både innanbygds og utanbygds personar
og både enkeltpersonar og
familier.
Ved innmelding av ein familie må det
oppgjevast ein hovedperson for familien og
seinare kva for andre personar som
inngår i familien.
Begge disse to medlemsgruppene betaler same
medlemskontingent.
For året 2007 er kontingenten sett til
Kr. 100.- som må innbetalast til laget
sin
Bankkonto nr. 3910.30.44999 seinast i
løpet av januar 2007.
Førehandstegna stiftarar og
medlemer
Det har foregått ei
førehandstegning av stiftarar/medlemer
frå 21.11. til 26.11.
Du kan også førehandstegne deg
som stiftar/medlem fram til 29.nov.
Ta kontakt enten til Jan Helland eller
Einar J. Hove
Vedtekter
Eit antal av disse stiftarane har utarbeidd
laget sine vedtekter – som
framgår på etterfølgende
side.
Styret for 2007
Dei som har førehandstegna seg som
stiftarar innan søndag den 26.11. vil
gi innstilling til styre for Stordal Turlag
for 2007. Dette styret vel sjølv
eventuelle arbeidsutval og tillitsmenn,
organiserer laget sine oppgåver og
styrer laget si verksemd i tråd med
vedtektene.
STORDAL TURLAG har følgende:
Postadresse: Postboks 135, 6259
Stordal
Bankkonto: 3910.30.44999
Utvida INFO – side i
Stordalsportalen, sjå
Stordalsportalen.no og derunder –
Fritid/kultur – Lag og organisasjonar
|
Program for Stiftingsmøte i
Grendasalen den 30. 11. Kl. 20.00
- Velkomen, frammøtte, generell
informasjon, førehandstegning av
stiftarar / medlemer
- Formell stifting av laget, vedtekter, val
av styre
- Kort om arbeidet med å tegne turar
inn på digitale kart v/Einar J.
Hove
- Arbeidet med arrangering av turar i 2007
– samarbeid med andre lag og med
ÅST v/Jan Helland og Hildegunn
Berli
- Kort om bruk og nytte av GPS v/ John Kr.
Hjelle
- Eventuelt
|
Om stiftinga
|