Stordal Turlag no med heimeside!
Stordal Turlag har no oppretta si eiga heimeside
under Stordalsportalen.
Stordal Turlag vil arrangere fellesturar med
varierande utfordring i tid, lengd og tyngd, og
på enkelte turar vil kjentfolk vere med og
fortelje om kultur og historie frå
området.
Turlaget vil også arbeide for å
kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
fine turterrenget som vi har i heile kommunen og
innover mot våre grannebygder.
Stordal Turlag samarbeider med Tur- og trimgruppa
(Allidrettsgruppa) under Stordal Idrettslag for
å arrangere større og mindre
turar.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av
behovet for å få til meir organiserte
tiltak kring det å kartlegge, beskrive og
gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som
vi har over heile kommunen og innover mot
våre grannebygder. Dette sjølvsagt med
det siktemål å få born, unge ,
eldre og alle slags brukergrupper på tur ut
i våre naturområder. Det å halde i
hevd kulturlandskapet, verne om og bruk av
naturen og kulturminner og miljøet er
også eit fokusert område. Du
behøver ikkje vere sprek og spenstig som eit
rådyr for å bli medlem, og Stordal
Turlag oppfordrar deg herved til å
støtte disse målsettingane ved å
melde deg inn som medlem.
Sjå Stordal Turlag si
heimeside under Stordalsportalen.
|