Stordal Turlag har no oppretta si eiga heimeside under Stordalsportalen.
Stordal Turlag vil arrangere fellesturar med varierande
utfordring i tid, lengd og tyngd, og på enkelte turar
vil kjentfolk vere med og fortelje om kultur og historie
frå området.
Turlaget vil også arbeide for å kartlegge,
beskrive og gjere kjent det utruleg fine turterrenget som vi
har i heile kommunen og innover mot våre
grannebygder.
Stordal Turlag samarbeider med Tur- og trimgruppa
(Allidrettsgruppa) under Stordal Idrettslag for å
arrangere større og mindre turar.
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg flotte
turterrenget som vi har over heile kommunen og innover mot
våre grannebygder. Dette sjølvsagt med det
siktemål å få born, unge , eldre og alle
slags brukergrupper på tur ut i våre
naturområder. Det å halde i hevd
kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen og kulturminner
og miljøet er også eit fokusert område. Du
behøver ikkje vere sprek og spenstig som eit
rådyr for å bli medlem, og Stordal Turlag
oppfordrar deg herved til å støtte disse
målsettingane ved å melde deg inn som medlem.
Sjå Stordal Turlag si heimeside under Stordalsportalen.