God gammaldags bygdefest!
Stordalshallen fyller i år 10 år, og
dette måtte sjølvsagt feirast!
"Bære det ikkje
rivna"
Det var denne gongen Øvrebustarane som hadde
ansvaret for årsfesten i Stordalshallen. Ein
velfylt hall fekk sjå film frå bygginga
og dei 10 åra som har gått, før
ordførar Charles ønskte velkommen.
Prisutdeling
Kveldens første post var prisutdelingar, og
ikkje mindre enn tre prisar skulle utdelast.
Frå kommunen vart det delt ut kultutpris,
som i år gjekk til idrettsutøvarane
Thomas Kirkebø og Silje Aasen. Den sistnemte
kunne dessverre ikkje kome, men fekk prisen for
sin innsats på Snowboard. Thomas var
tilstades, og kunne motta prisen for sin innsats
på fotballbana.
Pedroprisen har også vorte ein årviss
tradisjon, og i år var det A-laget i fotball
som fekk tildelt prisen av Vigdis Hove.
Nytt av året var tildelinga av
Bygdebyggjarprisen i regi av Innovasjon Norge,
som skulle gå til ein person som gjer ein
spesiell innsats for lokalsamfunnet sitt. Fortent
må det vel seiast å vere når
sjølvaste ”sveledame” Elin Parr
fekk denne prisen.
Tyroller og sketsjar med lokalt
tilsnitt
Så fekk Øvrebustarane vise kva dei var
god for på scena. Dei starta friskt med
tyrollerorkester og innmarsj. Vi fekk sjå
sketsjar frå smørebua til alpingjengen,
diverse tilstelningar som gjeng føre seg hos
Øvrebust Plast(vel og merke ikkje
plastproduksjon), kor vanskeleg det er for
fødande å få kontakt med
sjukehuset (har vannet gått – trykk
stjerne) og vi fekk helse på bygdetullingen
som skulle passe på sprekka i
Åkernesrenna. Til og med ein verdsarvskog
har dei funne fram til på Øvrebust! Ei
flott blanding av parodi og mykje
sjølvironi. Og rivna...det gjorde det ikkje!
Song og musikk
Musikkmiljøet på Øvrebust
står sterkt, og mange gode musikarar og
songarar var på scena.
”Idolstjerna” Maria Holand Tøsse
song ”Walking on sunshine” til
ære for sola som har komt att, vi fekk
høyre Odd Einar Kalvø som kika på
damer og song ”Ej må hegde mej”.
Alt i alt eit morosamt program med fin blanding
av sketsjar og musikk. Det var eit veldig pluss
at revyen også vart vist direkte på
storskjerm, slik at dei litt bak i salen fekk
sjå godt.
Til neste år vart Nejaføringane valt ut
til å arrangere årsfest.
Ut i dei små timar...
Mesterkokken Jan Arne Hove diska opp med
lammegryte og fløtepoteter til middag,
før det kjende danseorkestert VestNorge
spelte opp til dans.
Smørebua
|
Fødofonen
|
Ej må hegde mej
|
Verdsarv
|
Bygdetullingen
|
Alle foto: Storfjordnytt
|
|