Stordalshallen fyller i år 10 år, og dette måtte sjølvsagt feirast!
"Bære det ikkje rivna"
Det var denne gongen Øvrebustarane som hadde ansvaret
for årsfesten i Stordalshallen. Ein velfylt hall fekk
sjå film frå bygginga og dei 10 åra som har
gått, før ordførar Charles ønskte
velkommen.
Prisutdeling
Kveldens første post var prisutdelingar, og ikkje
mindre enn tre prisar skulle utdelast.
Frå kommunen vart det delt ut kultutpris, som i år gjekk til idrettsutøvarane Thomas Kirkebø og Silje Aasen. Den sistnemte kunne dessverre ikkje kome, men fekk prisen for sin innsats på Snowboard. Thomas var tilstades, og kunne motta prisen for sin innsats på fotballbana.
Pedroprisen har også vorte ein årviss tradisjon, og i år var det A-laget i fotball som fekk tildelt prisen av Vigdis Hove.
Nytt av året var tildelinga av Bygdebyggjarprisen i regi av Innovasjon Norge, som skulle gå til ein person som gjer ein spesiell innsats for lokalsamfunnet sitt. Fortent må det vel seiast å vere når sjølvaste ”sveledame” Elin Parr fekk denne prisen.
Tyroller og sketsjar med lokalt
tilsnitt
Så fekk Øvrebustarane vise kva dei var god for
på scena. Dei starta friskt med tyrollerorkester og
innmarsj. Vi fekk sjå sketsjar frå
smørebua til alpingjengen, diverse tilstelningar som
gjeng føre seg hos Øvrebust Plast(vel og merke
ikkje plastproduksjon), kor vanskeleg det er for
fødande å få kontakt med sjukehuset (har
vannet gått – trykk stjerne) og vi fekk helse
på bygdetullingen som skulle passe på sprekka i
Åkernesrenna. Til og med ein verdsarvskog har dei funne
fram til på Øvrebust! Ei flott blanding av
parodi og mykje sjølvironi. Og rivna...det gjorde det
ikkje!
Song og musikk
Musikkmiljøet på Øvrebust står
sterkt, og mange gode musikarar og songarar var på
scena. ”Idolstjerna” Maria Holand Tøsse
song ”Walking on sunshine” til ære for sola
som har komt att, vi fekk høyre Odd Einar Kalvø
som kika på damer og song ”Ej må hegde
mej”.
Alt i alt eit morosamt program med fin blanding av sketsjar og musikk. Det var eit veldig pluss at revyen også vart vist direkte på storskjerm, slik at dei litt bak i salen fekk sjå godt.
Til neste år vart Nejaføringane valt ut til å arrangere årsfest.
Ut i dei små timar...
Mesterkokken Jan Arne Hove diska opp med lammegryte og
fløtepoteter til middag, før det kjende
danseorkestert VestNorge spelte opp til dans.
Smørebua |
Fødofonen |
Ej må hegde mej |
Verdsarv |
Bygdetullingen |
Alle foto: Storfjordnytt |