Aktive ungar i Stordal
Ungane i Stordal manglar ikkje fritidstilbod, og
i kveld var det tid for det andre rennet i
Stordalscupen i hopp.
Deltakarane som var frå 6 til 13 år
virka veldig fornøgd med at det endeleg var
kome litt snø att. Sjølv om det kan
vere litt problem med ising og klabbing er det
artig likevel.
Etter sjølve hoppinga var det saft og
pølse, og trekking av premiar til 6 heldige
vinnarar av skismurning, seteunderlag m.m.
Frå trekkinga av premiar inne i
varmestova.
|