Ungane i Stordal manglar ikkje fritidstilbod, og i kveld var det tid for det andre rennet i Stordalscupen i hopp.
Deltakarane som var frå 6 til 13 år virka veldig
fornøgd med at det endeleg var kome litt snø
att. Sjølv om det kan vere litt problem med ising og
klabbing er det artig likevel.
Etter sjølve hoppinga var det saft og pølse, og
trekking av premiar til 6 heldige vinnarar av skismurning,
seteunderlag m.m.
Frå trekkinga av premiar inne i varmestova.